Det var ei våt og blytung bane som møtte Sæbø og Haddal mandag kveld. Det førte til at det store finspelet uteblei, og dei fleste måla kom etter dødball situasjonar. Kampen åpna jamnt, og etter kort tid burda Svein Ivar Moltu ha gjeve Sæbø leiinga etter fryktelig rot av Haddal keeperen og ein forsvarar, men avslutninga gjekk i nettveggen. Etter dette prøvde Sæbø å spele, men det blei for upresist og slurvete, både i pasningsspelet og ikkje minst sleit monge Sæbø spelarar med mottaket. Laget  skapte ikkje sjansar i det heile tatt, og Haddal tok fortjent leiinga omlag midtvegs i omgongen. Ein Haddal spelar klinka eit frispark rett i mål frå omlag 25 meter.

Det såg ut som Haddal skulle gå i garderoba med ei fortjent leiing, men rett før pause fekk Sæbø corner. Der fekk Svein Ivar Moltu gå opp heilt uhindra å skalle inn 1-1. Viktig å få den rett før pause for Sæbø.

Andre omgong blei litt bedre for Sæbø. Laget hadde ballen mesteparten av tida, og presisjonen tok seg opp. Haddal var sjeldan på visittar framfor Sæbø målet, og dei gongane ballen havna framfor mål ordna keeper for dagen, Jon Arve Valseth enkelt opp. Sæbø skapte etter kvart ein del sjansar, og spesielt Svein Ivar Moltu hadde noken store som enten gjekk rett utanfor eller blei redda av keeper. Sæbø måtte vente heilt til det 89.minutt og nok ein gong var det ein dødball som måtte til. Øystein Frøyland slo ein perfekt corner, Knut Skomedal vann duellen med ein Haddal spelar og headda ballen i mål til stor glede for heile Bondalen haurest det ut som. Og like etter trygga samme mann sigeren etter at han blei spelt gjennom av Moltu.

Ein fortjent siger til Sæbø etterkvart, men laget sleit lenge med å ta skikkelig tak i kampen. Det som har vist seg å vere ein styrke dei siste kampane er at Sæbø klarer å score på gunstige tidspunkt. Mot Moltustranda avgjorde dei 5 min før slutt, mot Kvamsøy gjekk laget opp i 3-1 rett etter Kvamsøy reduserte og i kampen mot Haddal fekk dei både utlikning rett før pause og ikkje minst dei to måla heilt på slutten. Klarer laget å fortsette slik så kan det faktisk bli bra dette her.

Igjen utmerka 16 åringen Olai Riise seg som ein av dei bedre på bana, samstundes som om Sæbø nok ein gong slepp motstandarane til veldig få sjansar. Defensivt har laget fungert veldig bra dei siste kampane, så får vi håpe det verkelig losnar framover og etter kvart.