Tur på Gamlevegen frå Villane til Skibakken!

Vi starta på Villane og gjekk med friskt mot.

Tenk ein måndagstur i strålande sol.

Vi var sju som starta og heldt eit godt tempo.

bodil1

Det er god utsikt frå Villane mot fjorden.

bodil3

Godt tempo for spreke damer.

bodil4

I det fjerne såg vi ein person kome etter oss, så vi stansa og venta.....

bodil5

Det var Torill som kom, så no var vi åtte.

bodil6

Mykje å sjå på Gamlevegen, her eit gammalt trerør,

ikkje så mange slike å sjå lenger.

bodil7

Gamlebonden har jobben med å gjerde garden.

Olav kjell i full sving.

bodil8

Her sto "Rindastova" som no er flytta til Årskogane.

bodil9

Tørt og fint på vegen,og for ein utsikt i finevêret.

bodil10

Kari, med "Jo- fonna" i bakgrunnen.

Kari kan huske at fonna tidt og ofte gjekk over gamlevegen,

og eit godt stykke mot nyevegen.

bodil11

Lettbeinte damer i himmelsjå, like nedom Valset.

bodil12

Ein liten hund ynskte oss velkomne når vi kom fram til hovudvegen,

"Dagmar" har knekt toppen av den store grana.

bodil13

Litt akrobatikk må til for at vi ikkje skal verte våte på føtene.

Det gjekk bra, og vi fekk eit artigt motiv.

bodil14

Då vi kom fram til Eidet, vart vi enige om å ta toppen

 av Skibakken i same slengen.

bodil2 

Bodil, Torill, Eldrid, Helga, Norunn, Kari, Unni, Irene og Jorunn.

For ikkje å gjøyme Theo som heldt oss med lag.

bodil16

Her  er vi komne til Skibakken "Hyttepanorama".

Snøhornet kneisar i bakgrunnen.

bodil15

So rusla vi heimatt i sol ei stund til.

bodil17

Passerte ein flokk våryre hestar, med føll, på Valset.

Takk for fyljet.

Neste måndag er det Frølandsetra som er målet.

 Litt vått og kanhende litt snøv, så hugs gode sko.

VEL MØTT!