IMGP2785_1_1

Parken ved Hjørundfjordheimen i slutten av april.

Det er no kome lys i lyktene, vegen er asfaltert, og jorda er fresa og klar for siste topparbeidet. Når steinen er plukka og litt finarbeid er gjort, skal det såast og rullast og då vil det i dei neste vekene verte grønt i parken.

Hjørundfjord Bygdemobilisering i lag med Sæbø Grendalag og Ørsta Kommune har dei siste åra jobba med å få til park på Sæbø. Ved å nytte dei siste midlane etter kompensasjonsmidlane som Sæbø fekk frå Ørsta næringskontor,  tiltaksmidlar frå Sparebank1 og ein solid og godt bidrag frå fondet etter gamle aldersheimen, er snart arbeidet fullført. Det har vore eit godt og fruktbart samarbeid med kommunegartnar Olav Saure.

Men den fellespott som var, er no oppbrukt, og det er lite midlar å hente med Ø.kommune, seier Saure, så no må folk hjelpe til med siste taket skal parken fullførast.

Derfor ber vi no folk om hjelp, onsdag 23. mai kl. 18.00 til ein siste innspurt før såing og rulling.

Om flest mogleg har anledning å kome med ei trillebåre og ei stålrive, vil arbeidet være unnagjort på nokre timar.

Vi ynskjer alle velkomne til eit felles tiltak for trivsel i bygda og ved heimen.




Helsing nemnda for Hjørundfjordparken