Han flytta til Sykkylven og har vore her ofte på besøk, men eg har aldri treft han før.

Han var svært aktiv kar her i bygda. Spelte i Hornmusikken, på fotballaget, og var ein ivrig fjellmann.

Det var eit bilete han tok av bror Arne og meg i Skondalen ein tidleg søndag morgon som gjorde at han tok kontakt. Det var så uvanleg å treffe på ungdom til fjells at det hadde gjort inntrykk på han.

Han sjølv var fråhaldsmann og låg sjeldan frampå søndagane. Då gjekk han i fjellet, ofte på stader han ikkje visste namnet på. Ein gong hadde han sansynlegvis vore på Skårasalen. Vel nede mot Kvistad traff han Bakke- Anton. Men då han ga opp tida han hadde brukt på turen så stemte det med terrenget, men tida han hadde brukt var for kort til at det kunne vere Skårasalen, meinte han.

Eg spurde om han hadde bilete frå denne tida. Og her er dei, scanna frå dias. Dobbelklikk for å få dei større.

01 Kvistad sæter 1959

Nr 1   Kvistadsetra 1959

02 Kvistad sæter 1959 Rasting

nr 2 Rasting ved Kvistadsetra 1959

nr 3

03 Bjarne Hustadnes i Kvansedal Sommer 1960

nr 3 Utsikt mot Kvamsedalen

04 Telttur i Kvamsedal 1960 Bjarne Hustadnes koker

nr 4 middagskoking ved Kvamsedalsvatnet. Legg merke til radioen.

05 Kameratar på Sæbø 1959 Prestegardsmuren

nr 5. Kameratar ved prestegardsmuren 1959. Nr 2 f.høgre er Bjarne Flisnes. Kven som brukte fotoapparatet til Flisnes er ukjent.

06 Båtregatta på Sæbø 17mai 1961

nr 6. Regatta på Sæbø 17. mai 1961.

08 Orientering før start Oskar Sæbø starter

nr 7. Orientering og start v/ Oskar Sæbø.

09 Startsignalet er gått

nr. 8. Starten har gått. Legg merke til kor snautt det var i Hustadnesstranda.

07 Favorittbåt frå Trandal

nr 9 . Vinnaren var frå Trandal.

013 Meiningsytringar etter innkomsten

nr 10. Diskusjon etter målgang. Her var det mange kjende for oss som har vore i live ei stund.

Har slakka på borrelåset i hua, fått hjelp til å speilvende dei 2 bileta og lagt det inn på nytt med eit ekstra bilete.

Kanskje får eg fleire bilete frå Bjarne seinare.