Skattejakta har utvikla seg til å verte eit populært arrangement i Hjørundfjorden, og stadig fleire har vorte med i trimquizen. Opplegget i år følgjer same lest som tidlegare år.

Det vil seie at det vert konkurrert gruppevis. Det er minimum to personar på kvar gruppe, og inga gruppe kan ha meir enn seks vaksne personar. Det er start og mål ved klubbhuset, og ute i løypa vil folk finne seks postar, der det er spørsmål av ulik vanskegrad i tenkjelege og utenkjelege kategoriar.

Som vanleg stiller sponsorane velvilleg opp for Sæbø IL, og det ventar flotte premiar. Det vert premiar til dei beste laga kvar dag, pluss deltakarpremiar. Hovudpremiane vert trekte mellom dei laga som deltek begge dagar. 

Her er nokre av premiane ein kan vinne:

MC-20001 møblar0001 sete0001  det er sjølvsagt fleire premiar - overnatting på Quality Hotel Panorama i Trondheim, gåvekort på Rekkedal gjestehus, to retters middag på Hotel Union Øye, gåvekort frå Volda Turisthotel, gåvekort frå G-sport og endå meir :)

Litt om reglande: Alle formar for hjelpemiddel under tevlinga er forbode. Det vil seie oppslagsverk, aviser, mobiltelefonar og berbare pc-ar osb. Dette skal vere ei uhøgtideleg tevling, der trimmen, både den fysiske og for hjerna, er det viktigaste.

På klubbhuset vert det salg av kaffi, kaker, sveler, hamburger og i gymsalen held G16 til der dei sel graut til inntek for Norway Cup turen sin.

Det vil også verte korpsmusikk frå Generasjonskorpset på Sæbø, vi er glade for at dei vil kome og spele for oss!

Fotballgruppa håper folk i hopetal støttar opp om arrangementet, og mottoet er som vanleg ut på tur, aldri sur !!

Rebusen går som vanleg Langfredag, http://www.hjorundfjord.no/?komponent=aktivitetskalender&handling=vis&aktivitet=1757  og 1.påskedag http://www.hjorundfjord.no/?komponent=aktivitetskalender&handling=vis&aktivitet=1758

 

Fotballgruppa på Sæbø.