Årets første heimekamp for A-laget til Sæbø går av stabelen idag, onsdag 25.04 klokka 19.00 på Sæbø stadion. Det kan sjå ut som den kampen blir spelt på grasbana etter framifrå innsats frå banenemnda (sjå bildet) for å få bana klar. Kampen er mot Hareid 2, eit lag vi veit svært lite om. Det er vel alltid slik med 2er lag, er vanskeleg å vite kva spelarar dei har med. 

Det har allereide våre spelt ei serierunde i årets 6.divisjon, Sæbø åpna borte mot Tjørvåg i ein kamp som endte 1-1. Den kampen viste mykje bra, men det viste og at laget varierar for mykje i kvalitet i løpet av kampen. Men Tjørvåg er eit lag som er venta å kjempe i toppen, og starte med uavgjort borte mot dei er absolutt godkjent. 

Så no er det berre for folk og fe å møte opp, forhåpentlegvis vil laget gje samtlege som møter opp ein god opplevelse. Om dei ikkje klarer det, så er der heilt sikkert eit kvart godt å få kjøpt i kiosken som ein kan trøste seg med.

VEL MØTT!!!