Når du tek til på kulturskulen vert ein fyrst aspirant og får opplæring i minimum eitt år. Der lærer du notar og får spele på eit instrument og allereie i Desember fyrste året får du vere med å spele på korpset sin julemarknad. 

Etter eitt til to år er du det ein kallar junioraspirant. Då skal du har lært så mykje at du kan ta del i korpset sine øvingar, og vi vil ta godt i mot deg og hjelpe deg dersom du synest det kan vere vanskeleg. 

Opplæringa skjer som sagt i kulturskulen og søknadsfristen er 30. April. Søknad kan du sende direkte til kulturskulen. Skjema finn du på kulturskulen si heimeside. Aldersgrense for å søkje er 2. klasse ifrå hausten av. Vi har no to aspirantar i korpset ; Thea Karin Flatnes og Tor Eivind Follestad. Dei håpar på at fleire vil starte på opplæring og bli med i korpset. For til fleire vi er til kjekkare vert det. 

Vi har eit stort ynskje om at nokon har lyst til å spele baryton/euphonium, trombone, althorn eller bass. 

Korpset har òg moglegheit for å kjøpe inn noko som heiter "silent brass", som ein kan setje inn i instrumentet og ein kan då øve så mykje ein ynskjer utan å forstyrre andre :) 

pause9

I 2009 fekk Sæbø skulekorps 25 000,- kr i prosjektmidlar frå Sparebank1Volda/Ørsta.  Desse er øyremerkt til aspirantopplæring. Det vil seie at Sæbø Skulekorps kan dekke opplæringsutgiftene til 10 aspirantar det fyrste året. Aspirantane må sjølve betale kulturskulen, men vil få tilbake 2600,- kr frå korpset etter at det fyrste året er fullført med aktiv deltaking i undervisninga. Dei låner instrument frå korpset og må til gjengjeld hjelpe til med gevinstar, kaker og liknande når korpset arrangerer 2-3 arrangement i året. Dersom du har vorte for gamal til å gå på kulturskulen, kan vi gjerne gje opplæring også. 

julemarknad_2010

Korps er kjekt, det er sosialt, og det gjev ei kjensle av meistring når ein skaper musikk ilag med andre. Det er òg veldig kjekt å opptre saman med korpset på forskjellige arrangement. Og dersom du har spelt i korps tidlegare og har lyst å prøve deg igjen vil vi ta godt imot deg! Om du synest det er for lenge sidan du har spelt er det ikkje noko stort problem. Fleire av oss har hatt spelepause i mange år, og det går utruleg fort å finne attende til gamle kunstar. 

Vi øver på Grendahuset kvar Torsdag frå kl. 19.00 - 21.00. No held vi på med full oppkjøring til 17. Mai, noko vi gledar oss veldig til, for korps er gøy!!

Velkomen til Sæbø Skulekorps!

imgp0697_kopi

(Foto: Knut Hustad)