Pølsa eller Okla.

Fjellet heiter Okla, men har i seinare tid vorte kalla Pølsa på grunn av denne vindpølsa som står på toppen og viser vindretninga, der kan du også sjekke tempraturen, om du vil.

IMG_0061 

Turboks med bok er festa til pølsa, så du kan skrive deg i boka.

IMG_0031

Flott gjeng, klar til tur.

Ann Helene, Lavin, Kari, Helga og Jørn.

IMG_0033 

Fyrste stykket gjekk vi på skogsvegen, litt nysnøv men vi hadde godt feste.

IMG_0036

På råsa i skogen vart det mindre snøv, og finare og gå.

IMG_0037 

Her går vi gjennom ein "Dagmarportal"

IMG_0038

Der skogen vart opnare, auka snømengda,

 så vi var spente på korleis det vart høgare oppe, vått var det også.

IMG_0040

Då vi svinga av frå Ossetra mot okla, vart det opnare og mykje meir snø,

 men vi gjekk på med godt mot.

IMG_0044

Det vart brattare, og då minka det betrakteleg med snøv, så no såg det bra ut.

IMG_0048

Steinete og bratt, men god rås.

Sjekk, kor sola skin- ikkje regn!

IMG_0045

Her vert utsikta betre og betre.

IMG_0050

Brått kom der to trollkjeringar i ei forvridde bjørk.

IMG_0052

Endeleg oppe i høgda så vi kan nyte utsikta i all si vårprakt.

Hovdeåsen, Hovdevatnet og Helgehornet i bakgrunnen.

IMG_0055

Over siste stykket var det snødekt, men tru det eller ei snøstikker viste veg.

IMG_0056

Med ekte "polfararfølelse" gjekk vi mot nordpolen- nei toppen av Okla.

IMG_0057

Samla på toppen, alle som var med.

Bodil, Ann Helene, Lavin, Kari, Helga og Jørn med ein snill hund!

Flott utsikt og god stemning.

IMG_0062

Så kom skodda, men ho vart liggande å toppen så vi fekk ein flott tur nedatt.

Helsing til Eldrid, ingen sjukmelde på denne turen, berre godt motiverte.

Vi hadde ein plan over kva vi skulle ta for turar "utanbygdes"

etter som snøven ligg lenge i år, vert det litt vanskeleg å nå desse måla.

 Vi har derfor valgt eit turmål som vi har fått fleire

 oppfordringar om å ta ein gong til, det er tur rundt Vatnevatnet.

Så møt opp på Sæbø neste måndag kl 17, så kjøyrer vi i lag.

VEL MØTT!