Bondalingar på ferie bør aktiverast. Dei kan ikkje berre ligge stilt og sjå på sola. Bondalingar er eigentleg laga for å gå i motbakke, tenkte eg. Eg var tilfeldigvis på Gran Canaria samtidig som Edel, Rasmus, Inger og Ivar Svein Mo. Litt av den vakre og annanleis naturen som er på toppen av øya, burde dei få sjå.

P1010638_1

Då var vi klar for oppstigning. Arve, Rasmus,Edel og Inger og foto Ivar

På 1700 talet fekk det spanske kongehuset bygd eit nettverk av vegar over heile Gran Canaria. Camino Reales (kongevegane). Vegane vart bygde av fangar. Det vert sagt at dei vart drivne so hardt at mange fekk bøte med livet, og vart gravlagde under vegen der dei falt om.

P1010656_1 P1010648_2_1
Ein fint rydda og steinlagde sti, førde oss oppover i fjellet Her i den steinlagde vegen ligg der kanskje gravlagde fangar.

svinger i fjellet_1_1
Spansk Trollstige. Kanskje litt vanskeleg å sjå, men den svingete vegen går heilt til toppen av bilete og forsvinn ut i himmelsjå.


 

Brulagt Ivar
Med godt handarbeid, og utan tele og vassproblem kan ein veg sjå slik ut etter 300 år. Lurt å ha med drikke. Svært få bekkar å sjå.

Ein del av denne vegen vert kalla Camino de la Plata (Sølvstien). Og den vegen ville eg vise dei andre sydenfararane.

Eg fekk leigd en bil... Ein liten Fiat Punto. "No Problem" sa utleigaren då eg spurde om en bil med plass til 5 voksne. Vi køyrde innover og oppover frå Mas Palomas til vi var på omlag 900 meters høgde. Der startar stien. Litt vanskeleg å finne byrjinga. Den startar opp ein privat veg... og bak eit hus. Men derifrå er det innover og oppover langs ein fint rydda sti. Fin jamn stigning, med nokre få bratte parti. Men ingenting for folk som er vande til våre heimlege fjell.

P1010663_1 P1010664_1
Turre vassdemningar ligg i fjellsida Røra går nedetter fjellsida

P1010647_1 P1010665_1
Og her dukka det opp ei vasspøyte også, men ingen vart frista å fylle opp vassflaskene, av dette vatnet.
 Og er det ikkje ei løvetann?

P1010669_1

I byrjinga, gir stigninga raskt mykje utsikt.

P1010659_1

P1010674_1 P1010644_1
Ikkje så bratt lenger. Bytestein.... eller kansje vassrett-stein??

P1010671_1

Ein kvil i bakken måtte til etter vi var komne opp og begynte å gå gjennom den grøne pinjeskogen

Skogen

Godt med litt skugge gjennom skogen.

P1010677_1

P1010679_1

P1010680_1

Eit kors
Med ei innskriftplate

P1010687_1
Nasjonalpark

Litt tungt var det opp den svingete brulagde vegen til fjellmassivet Pozo de las Nieve(Snøbrønnen). Her kom vi over ei uttørka vassdemning. Sjølv har eg aldri tidligare sett denne demninga turr. Fyld til randen, har eg faktisk sett den. Dei lokale har fortalt att denne vinteren har vore den turraste i manns minne. Vi som er vande til å "hele" vatn for å få det vekk, studerte med fasinasjon, det avanserte grøftesystemet som var bygd for å få med kvar ein dråpe vatn. Skal tru om bøndene har krangla over vatnet her og?

Så vart stien flatare. Det vart lettare å gå gjennom grøne pinjeskogen. Desse pinjetrea har den evna å ta fukt frå lufta og føre den i bakken. Dette gjer at andre artar kan klare seg sjølv med lite nedbør. Mykje av Gran Canaria var dekt av pinjeskog i eldre tider. Etterkvart vart øya nesten avskoga og dette viste seg å være svært skadeleg på mange måtar. Kanskje først og fremst for det vart fort uttørka. Derfor vart det på 50-talet starta med planting av skog, og det er dei trea vi ser i dag.

Resten av turen gjekk gjennom skogen, med lett stigning, sett vekk frå eit par korte skråningar. Så nådde vi Gran Canarias topp, Pico de las Nieves (Snøtoppen) 1949 moh. Ikkje heilt sant. På høgste punktet står det ein militær radar. Der er det bilveg og avsperra område. Derfor er gikk vi på toppen syd/vest for det høgste punktet. Likevel... ein topp er ein topp sjølv om han er eit par meter lavare.

P1010683_1

Heirfrå fekk vi ei fin utsikt over øya. Ein ser den kjendt fjellformasjonen Roque Nublo og heilt over til Pico de Teide på Tenerife.... Spanias høgste fjell på 3718moh.

mine bilder 100_1 mine bilder 099_1

Roque Nublo
Funn av inskripsjonar i fjell og andre teikn, gjer at ein meiner Roque Nublo var ein heilag stad for urfolket på Kanariøyane.

P1010686_1

Og då var det siste etappe til sjølve toppen.


IMG_0525_1

Roque Nublo med øya Tenerife i horisonten.

 


IMG_0524_1_1 mine bilder 106_1
Og utsikta var enorm slik vi er vant med heime. Langt nede ser vi bygder med vegar og grøne  markar og vass oppsamlings kumar. Ein kan berre lure på korleis dei får tak i vatn?


mine bilder 113_1 mine bilder 114_1
Over på den andre toppen ligg der eit militæranlegg


(Alle bileta kan klikkast på for stor størrelse)