Ny komité av året var Rolf Egil Riise og Sverre Børge Hjorthaug, og det var knytta stor spenning til kva komitéen ville overraske oss med.


Limousin

Fredag kveld drog komitéen første kanin ut av hatten. Sæbøveteranane var lina opp utanfor hotellet, spente på kva som ville skje. Då ein luksuriøs limousin rulla opp langs fortauet og var klar til å frakte gutane til eit betre måltid, fekk komitéen øyredøvande jubel for stuntet.

Sjølvsagt var det ikkje lett for godt vaksne bondalingar å ta det innarbeidde steget frå Massey Ferguson til å elegant sette seg inn i ein limousin, men etter smidig manøvrering var straks alle 13 plasserte i dei fiffige skinnseta. Augene til komitéformann Riise strålte, og utbraut at dette hadde han alltid drøymt om, og noko han hittil kun hadde sett på film.

limo
Limousinen kjem køyrande utanfor hotellet, klar til å plukke opp sæbøveteranane.


limo2
Komitéformann Rolf Egil Riise og medarrangør Sverre Børge Hjorthaug hausta mange lovord for limousinturen. Som vi ser er komitéen sjølve i strålande humør.


Etter endt limousintur var det tid for restaurantmiddag og sæbøveteranane tok plass i eit ærverdig lokale med ein gedigen stol i enden. Sjølvsagt heilt på sin plass at komitèformann Riise fekk æra av å innta kongestolen, og eit utsøkt måltid vart traktert iblanda solide dosar humor og gode historier frå fotballbana.

middag1
Sæbøveteranane veit å hyggje seg på restaurant.

middag2
Her har også fotografen frå forrige bilete, Audun Lyshagen, funne sin rettmessige plass.


Internkamp

Laurdag var det dags for nye aktivitetar, og denne dagen stod både internkamp og vitjing på eit svært badeanlegg på programmet. Tidsplanen var stram så her måtte transport frå A til B gå knirkefritt. Det gjorde det ikkje. Taxisjåføren som skulle frakte oss til innandørshallen hadde eigne oppfatningar om kvar vi skulle, så det vart mykje ”Goddag mann økseskaft”. Då vi var på veg til eit område som minte om ein konsentrasjonsleir, byrja til og med sindige Arnt Egil Hjellen å ane ugler i mosen. Men komitéen visste råd og var handlekraftige. Ein litauisk kollega av Rolf Egil frå Westres bakeri vart oppringt, og då sjåføren kom i direkte telefonkontakt med sin landsmann rekna vi med at vi var på rett kurs. Men taxisjåføren har nok hatt betre dagar på jobb, for han fortsatte å snirkle rundt i eit bustadområde totalt blotta for fotballhallar.

Då, som ein lysande bauta, drog Vidar Holen fram kartfunksjonen på telefonen sin og lokaliserte fotballhallen heilt i andre enden av byen. Og med ny oppringing til vår litauiske ven, ein taxisjåfør som endeleg hadde hadde sett lyset, samt Holen sine stødige kartlesarevner, såg vi endeleg den store innandørs fotballhallen ruve framfor oss. Neglebiting vart erstatta med pur glede, og meir yre skapningar som gjekk ut av bussen har ikkje vore sett sidan hestesleppet i Åmdalen i 1997.

Internkampen vart kort oppsummert ein maktdemonstrasjon av det eine laget. Klikk-klakk fotball, røyrsle, skot og avslutningar var som henta rett frå Sæbø stadion på 80-talet, og både Stein Aam og Erik Brautaset hadde nok hatt tårer i augekroken hadde dei bivåna slikt vakkert angrepsspel.

Kampfakta:

Team Lasse - Team Audun 13-6 (3-1) (5-1) (5-4)

3 x 15 minutts omgangar

Dommar: Alf Ole Aarseth

Mål Team Lasse: Henning Nydahl 4, Lasse Sæbønes 4, Kjell-Johan Aarseth 3, Jens Forbord 2

Mål Team Audun: Rolf Egil Riise 2, Arnt Egil Hjellen 2, Kjetil Leknes 1, Sverre Børge Hjorthaug 1

Augneblinken: Då Øyvind Ose fekk strekk etter 30 sekund (første rykket)

FIFA-observatør Alf Ole Aarseth delte ut bonuspoeng til banas tre beste: Jens Forbord 3, Henning Nydahl 2 og Kjell-Johan Aarseth 1

lagbilde2
Team Audun og Team Lasse i internkamp.

Bak frå venstre: Arnt Egil Hjellen, Vidar Holen, Alf Ole Aarseth (dommar), Rolf Egil Riise, Sverre Børge Hjorthaug, Audun Lyshagen (kaptein), Kjetil Leknes. 
Framme frå venstre: Lasse Sæbønes (kaptein), Kjell-Johan Aarseth, Jens Forbord, Henning Nydahl, Øyvind Ose, Knut Inge Haugen.

 

Aquapark
Etter internkampen vart gjengen frakta vidare til Vichy Aqua Park, eit stort innandørs badeanlegg.  Dette var ein kjærkomen og særs passande aktivitet etter fotballkampen. Badeanlegget var av imponerande storleik, med fleire etasjar med vannsklier, sauna, jacuzzi, bar, restaurant og moglegheiter for spa og massasje. Eit av tilboda som sæbøveteranane likte best var å kunne svømme rett til baren, der det berre var å sette seg på barkrakkar under vatn, og bestille drikke etter endt svømmetak. Eit konsept som passa oss veldig godt, og som kanskje er noko å tenke på for dei nye Hotel Sagafjord-eigarane... Fast innslag på desse turane er framføring av bondalssongen med publikum til stades, og denne gongen ljoma songen frå badeanlegget sin største jacuzzi. Fantastisk akustikk!

Etter nesten 3 timar hadde sæbøveteranane boltra seg nok i Aqua Park, og turen gjekk attende til hotellet for ein betre middag og quiz. Komitéen hadde lagt opp til ei variert og krydra spørjetevling som varte gjennom heile turen, og det måtte til slutt ”sudden death” til for å kåre ein vinnar mellom to lag som låg heilt likt. For å skilje Team Lasse og Team Ose måtte det utslagsspørsmål til, og då Audun Lyshagen drog i gong eit spørsmål som til og med Arne Scheie måtte hatt betenkningstid på, kunne Team Ose til slutt juble over siger og kalle seg vilniusmeistrar i quiz-duell. Nydelege t-skjorter som prov på kunnskapen vart tildelt dei tre på vinnarlaget; Øyvind Ose, Henning Nydahl og Jens Forbord.


katedral
Nokre nytta litt fritid til å studere mange av dei flotte bygga i Vilnius. Her er det Øyvind Ose, Knut Inge Haugen, Rolf Egil Riise og Lasse Sæbønes som er på veg inn i St. Stanislaus og St. Vladislavs katedralen.

Søndag var det tid for oppsummering og heimreise. Den same komitéen skal klekke ut planar for 2012-turen, og med Vilnius-arrangementet som solid erfaringsgrunnlag er nok resten av sæbøveteranane i trygge hender for den komande turen.