Ein må hugse på at havet var fullt av drivgarn, og i fjorden stod krokgarna tett i tett.

Likevel var elva full av fisk. Her fylgjer nokre bilete frå folkelivet ved brua.

Rut Rekkedal_1

Her er Ruth Rekkedal Pedersen i framgrunnen.

Untitled-4_1

Alvorlege greier.

Untitled-10_1

Liknar mistenkeleg på Eldar Skarbø. Finever og snøsmelting.

Untitled-8_1

Hårre for ein dag!

 

Det var sjølvsagt ikkje berre denne dagen det var folkesamt på brua.

Hustadbrua var møteplassen om sommaren. Der var alltid folk. Og var det fiskeri så måtte oftast troda sendast under brua. " Det gjekk mange år før det vart bygd passsasje under brua". Var der ingen å ta imot på andre sida så vart det ei bløyte. Var det større fisk måtte troda ofte lempast på sjøen, og båt hentast.


Untitled-9_1

Her er vi komne fram i Kristiankilen, døypt etter Kristian Walseth. Men her har Olav Lyshagen kommandoen, trur eg. Eller tek eg feil?

Bjørn Urkegjerde

Til slutt eit bilete i full størrelse av Bjørn "Bikern" Urkegjerde med fangst. Som de ser så har han ikkje fingrar nok til fangsten.  Kanskje var det han som vann konkurransen? Nokon hugsar vel.

Helge Strand skreiv vel dagbok også frå denne tida. Kanskje kan han røpe kva han drog på land i 1973? Eller er det framleis hemmeleg?

Eg håpar at fleire kan kommentere eventuelt årstal, hending?