Lukka2

Biletet er teke på Risestøylen mellom jul og nyttår for 2 år sidan.

Eg har sjølvsagt brukt stativ og passeleg lang lukkartid.

Dessutan må ein ha opplevt ei måneskinnsnatt på setra i lag med nokon du er glad i for å skrive ei slik tekst. Det må i allefall eg. Det må følast først.

Lærar Sigurd Hovdevik terpa alltid på: "Skriv kort og tydeleg. Bruk ikkje for mange ord".  I lag med alle salmeversa han tvinga inn i hovudet mitt, fekk eg nok inn ein del ting som eg har hatt god nytte av seinare.


Dobbelklikk på biletet for å sjå teksta skikkeleg.

Januarlandskap 2012 004

 

                                        Gode tider.

Dei hadde same utsikta som eg, forfedrene mine når  dei sloga ved som dei trengde for å halde varme i gisne og golvkalde hus.

Dei kunne sjå det medan dei vod mjellsnøv etter ein knirkande  vedaslede,eller sitjande på lasset ned att med stramme taumar i grå bladvottar.

Eg har same utsikta som dei når eg køyrer opp med traktor og kamera, tek utsikta med meg heim att og ser det så mange gongar som eg vil attmed varmepumpa.

Knut Riise