Nyleg har vi lese i avisene at arbeidet med å få kunstgrasbane på Sæbø er godt i gang.  Det rimelegaste alternativet er visstnok å legge kunstgras på grusbana - rundt 4 millionar kroner. Kostnaden med å gjere grasbana om til kunstgrasbane vil kanskje ligge på 6 - 7 millionar kroner.  Kva meiner du?


236
Her ser vi dei to fotballbanene på Sæbø, grusbana og grasbana. Bør ei av desse banene bli kunstgrasbane?  I så fall; kva for ei?

Ørsta har si kunstgrasbane, snart har Åmdalen si.  Er ikkje det på tide at Sæbø IL også får si eiga kunstgrasbane?

Det vert altså arbeidd med å få til ei kunstgrasbane på Sæbø.  Det mest realistiske alternativet skal vere å gjere grusbana om til ei slik bane.  Men då ryk parkeringsplassane der.  Vil det i så fall seie at det vert slutt på Hjørundfjorddagane, Sæbø IL si viktigaste inntektskjelde?  Eller vil ei kunstgrasbane føre til auka trivsel og på sikt folketalsauke i Hjørundfjorden?

Men grasbana er dårleg.  Vil ikkje det vere rett å gjere den om til kunstgrasbane? Nei, det vil verte for dyrt, seier nokre.  Andre igjen vil ikkje ha kunstgrasbane i det heile.  Kvar skal vi få pengane ifrå?  Skal vi sløse vekk mange millionar på nokre få fotballspelarar?

Spørsmåla er mange.  Kva seier du?  Legg att di meining i kommentarfeltet under, eller kom med meininga di i meiningsmålingsfeltet nede til venstre på framsida.