Søndag 20 November var det gudsteneste med dåp, ofring og nattverd og det gamle soknerådet fekk takk og ein liten honnør for arbeidet dei hadde gjort dei fire åra dei hadde vore i teneste. Samstundes vart dei nye medlemmane i sitjande sokneråd vist fram i kyrkja.

IMG_3081_1

Det var Håvard Aklestad og Oddhild Kalvatn som bar fram sonen sin til dåp denne siste gudstenesta  i kyrkjeåret. Barnet fekk namnet Oddmund Kalvatn Aklestad.

Dei nye konfirmantane hadde allereie blitt flinke og gjekk på talarstolen og hjelpte sokneprest Dyrhol i gudstenesta.

Det har lenge vore eit problem med lyd i kyrkja og mykje arbeid har vore lagt ned for å rette på dette, og no ser det ut som det har lukkast. Denne gudstenesta var lyden god, og den avtroppande soknerådsleiaren gjorde ein god jobb med lydanlegget, før han gjekk av.

I bildet under kan ein sjå dei 7 unge som i år er konfirmantar i Hjørundfjord sokn. Presten har allereie vorte godt kjend med dei, og dei har blitt flinke hjelparar i gudstensta.

IMG_3094_1_1

Fv framme: Stian Angus Berg, Marta Riise, Tina-Irene Hustad, Therese Årskog Og Lise Stokke

Fv bak: Jørgen Andreas Mo og Joakim Ville