Dette fotoet frå foto- og kortforlaget OPPI har eg teke med for å vise eit døme på gamle bilete. Men her er det ein proff-fotograf som har vore ute. Sjøl han kan ta feil: Han har i smelt på 24 ekstra meter på høgda på Slogen (Slogjen - som nokon skriv feil). Men han har fått med ein snøbre forma som eit ansikt med eit sørgmodig uttrykk. Ser du det? Her er i alle fall biletet i fullformat, så då er det berre å klikke på det så ser du teksta betre.

 

Frå Slogen mot Urke

Det er vel litt drygt å påstå at Slogen er 1588 moh.? Trekk frå 24 m!

 

Men så var det altså nemnda som skal prøve å samle inn bilete frå bygdene. Sogelaget sin plan er å gi ut ei tematisk biletbok eit av dei næraste åra. Boka skal innehalde resultatet av nemndarbeidet.

 

Komitemøte 191011

Her er nemnda i sitt første møte på Bondalen Grendahus 19. oktober 2011. På ein ledig stol for enden av bordet ønskjer vi ein representant frå ytre del av fjorden. Frå v.: Per Urke, Torbjørn Urke, Knut Riise og Ivar Svein Mo. Foto: Knut Riise - med sjølvutløysar.

 

Nemnda konstaterte fort at det manglar ein person som må dekke opp Strendene - Standal/Trandal og nordover. Det er viktig at denne personen kjem raskt på plass for å få med grunnlagsopplæringa.

Nemnda er innstilt på å få eit møte med kultursjefen i Ørsta, Jostein O. Mo, som har solid erfaring med slikt arbeid som nemnda skal starte opp. Det er viktig å unngå feilskjer alt frå start, og det er difor avtala eit slikt møte alt 16. november.

 

Nausta og kaia

Eit døme på kopi av foto som Jostein O.Mo sende meg for eit tid sidan. På denne måten kan ein få svar på spørsmåla.

 

Når Jostein O. Mo skal hente inn fotoopplysningar, sender han gjerne ut ein kopi med spørsmål som mottakaren må prøve å finne svar på: Kvar, kva, kven,når?

Nemnda oppmodar folket i bygdene og utflytta hjørundfjordingar til å hjelpe til med å hente inn opplysningar og tillate at ein får titte i gamle album. Det er foto frå arbeidsliv og daglegliv som har størst interesse, Gamle hus, tun og landskap har stor interesse. Vi må vere forsiktige med å legge avgrensingar på dette tidspunktet.

Torbjørn vil få eit særskilt ansvar for Storfjord-området, Per skal ha Norangsfjord, Ivar Svein og Knut skal ta seg av Søbø og Bondalområdet. Så etterlyser vi nokon frå Ytre del!!

Nemnda vi prøve å orientere om framdrifta i arbeidet gjennom Hjørundfjord-portalen.