I 2011 har barneidretten på Sæbø arrangert skirenn, bading i varmtvassbassenget i Volda, sykkel løp, fotball cup og fotballtrening for 3 lag.

På avslutningsfesten vart det delt ut premiar og heder og ære til alle som har vore med på Barneidretten sine aktivitetar.
CIMG2578
Her har vi Barneidretten sine yngste, dei går i 1. klasse. Styret i Barneidretten er kjempe glad for at alle sammen vil vere med på aktivitetane som arrangerer.

CIMG2583
Desse kjekke ungane her går i 2. klasse.

CIMG2586
Ein fin gjeng med 3. klassingar.

CIMG2588
Og her er alle 10 som går i 4. klasse.

CIMG2590
Og her har vi 5. klassingane som no går ut av Barneidretten. Dei fekk dermed ein større pokal for lang og tru teneste på Barneidretten sine aktivitetar.

Elles så er det årsmøte på nyåret og litt skifte i styret, så dersom DU har lyst å vere med å påverke og styre Barneidretten på Sæbø så ta kontakt med nokon av oss som sit i styret( Siw Lillebø, Elisabeth Dimmen, Gerd Sofie Langvatn, Lisbeth Aklestad og Tom Andre Holen). Tom Andre vil gjerne ha med seg ein mann neste år :-)

Tusen takk for nok eit kjekt år med Barneidrett både til aktive, foreldre, trenarar og alle andre.