Stokkesetra og Klokkura okt. 2011

Vi var fem forundra damer som møttest på parkeringsplassen.

Kjersti, Kari, Haldis, Unni og Bodil.

Tenk at det var måndag, klokka var seks og det var ikkje regn!

I tillegg var det ein svært behageleg tempratur, ca 15 varmegrader.

Dette var nesten for godt til å vere sant.

klokkura

Vi velgde den turraste råsa, Unni kikar om det er snøv i vente, ser ikkje lovande ut endå.

Kari og Kjersti meiner snøven kan vente.

klokkura (2)

Det var godt å gå innover i den varme vinden, ja det gjekk som ein leik.

klokkura (4)

Her ein liten inspeksjon av folla hass "Jase pit", Kjekt å kike på.

klokkura (6)

So er vi framme ved Stokkesetra, kjekt at so mange alt har skreve seg i boka som vi hengde opp i sommar.

klokkura (7)

Er ikkje det vakkert med hauststemning frå Stokkesetra mot Sæbø?

klokkura (8)

Risetausene poserer vilig; smil då!

klokkura (10)

Vi kan ikkje stoppe lenge, for tida mot mørket går fort, så vi går mot klokkura.

klokkura (13)

Kari i eit fyverkeri av hausfager himmel og natur.

klokkura (11)

Kjekt å ta bilde når ein slepp regn og naglebet.

Berre blide damer og flotte fargar, "-Ja det likaste eg veit er haustatida"- fritt etter Henrik Straumsheim.

klokkura (16)

Brått er vi ved klokkura, og hytta er i sikte.

klokkura (20)

Fellesbilde, like spennande kvar gong.

klokkura (27)

Tid for kos ved hytta i Klokkura.

klokkura (22)

Optimist! nei den vakje go å rikke dinna steinen der gitt.

klokkura (31)

So rusla me heimatt medan det skymdest så pass at me rakk akkurat nedatt i tide.

Flott tur, dette gjorde godt.

Neste gong er det siste turen vi tek som måndagstur denne sesongen.

Gamlevegen vert det då, vel møtt.

Minner om den 17 oktober då tek vi avsluttning på klubbhuset kl 1800, sett av kvelden og kom.