Vi har venta - og venta.  Men no skjer det - nærare bestemt søndag kveld, søndag den 9. oktober klokka 2035 på NRK 1.

001b
I fjor sommar vitja M/S "Nybakk" med NRK Hordaland og Dag Lindebjerg ombord Hjørundfjorden.  Søndag får vi sjå resultatet på NRK 1.

Det var altså i fjor sommar at teamet frå NRK Hordaland med programleiar Dag Lindebjerg i spissen vitja Hjørundfjorden og Sæbø.  Dei var då i ferd med å lage ein programserie om norskekysten frå Kirkenes til Halden.  Dei held seg stort sett langs kysten, men gjorde eit unnatak for Hjørundfjorden.  Denne perla måtte dei få med seg.  Søndag den fyrstkomande, får vi altså sjå resultatet.  Klikk her om du vil sjå meir frå innspelinga.

056
Her ser vi Dag Lindebjerg(t.v) og Frode Fimland etter avslutta opptak på Sæbø.

Vi veit sjølvsagt enno ikkje akkurat kva vi får sjå, men vi veit at halvt bondaling, laksefiskar og journalist Svein Aam fiska laks i Bondalselva.  Vi veit at det vart filma frå området Grønskredhammaren og Sæbønestua - kanskje også Dalegubben?  Og vi veit at Margrethe og Bjarne Rekkedal serverte dei beste rettar i storstova til Rekkedal Gjestehus.

Fleire hundre tusen av oss har sett på ferda frå Kirkenes mot vest og vidare sørover langs kysten.  No er det altså Hjørundfjorden som står for tur på søndag.  Dette må vi få med oss.