Det har vorte haust og det lysnar seinare om morgonen og mørknar stadig tidlegare om ettermiddagen. Veret er ustadig og kva dag som helst kan det bli kuldegrader og snø. Kva høver vel betre når det er hustre ute,  enn å møtast for å skape hyggje for kvarandre innadørs.  På  Hjørundfjordheimen førebur vi  oss på ein slik dag no. Som tradisjonen har vore siste åra vert det såkalla open dag første fredagen i november. Vi trur det vert ein triveleg dag for både besøkande og fastbuande. Det vert matsal og elles basarstemning med loddsal og trekking av mange fine vinstar.

marie_lovise_widnes4
Marie Lovise Widnes vil underhalde. Ho er fødd 1.november 1930 på Syltedalen i Vanylven, Sunnmøre. Marie er framleis aktiv med framføring av eigne program. Ho har også eiga heimeside  der  du kan lese meir om ho.

I tillegg får vi besøk av Marie Lovise Widnes som vil halde eit sangkåseri som vil vekke gode minne. Bjørn Solum frå Hornindal vil syte for musikkinnslag. Det vert også ei kort orientering om stoda på huset. Mellom anna står vi føre ei stor brannteknisk oppgradering av huset som vil merkast komande år på ulikt vis. No skal vi først hyggje oss med open dag og vi viser til annonsa i Møre- nytt sist laurdag. Den formelle opninga av dagen startar klokka 13  og sjølv om programdelen vert ferdig i tretida, vert det høve til kjøp av rjomegraut og anna mat utover til klokka fem. Vi ser fram til at mange vil glede oss med sitt besøk.

K. Åmås.