Skriftstyret med redaktør Jarle Walseth i spissen er i full gong med å avslutte årets julegåve,- årboka frå Hjørundfjord sogelag 2011.

Det er i år som tidlegare år, lagt vekt på tema som er 50-år tilbake i tid, og i år er vi ute etter bilder som kan fortelje om hendingar i begynnelsen på 60 talet.

Det har også i år ikkje mangla på dyktige skribentar, og redaktøren har det inntrykket at årets bok, skal verte ei av dei aller beste som har vore utgjeven. Om ikkje alt handlar om tidsromet i begynnelsen av 60-talet så vil skriftstyret sette inn bilder mellom det øvrige lesestoffet slik at lesarane får oppleve tida og den rivande utvikling som var i begynnelsen av dette tiåret.

Redaktøren sitt ynskje er å få folk til å sjå i albumane sine etter bilder som viser den "opp og fram"- tida som var i mellom 1960 og -65. I landbruket kom traktorane, mjølkemaskin vart vanleg i dei fleste fjøsar, møkkagreipa vart utskfta med gjødselspreiarar for å nemne noko, i skogen vart øksa utkonkurrert med motorsaga, i allefall ved felling av tré.

Spill inn
Frysaren var ein kjærkomen
nyvinning for matlaginga i
heimane.

I heimen fekk husmora frysaren, vaskemaskin og ikkje minst varmtvannsberederen som gjorde kvardagen enklare.

I bygda ellers var det laksefeber om sommaren, og det gjorde at ein av fyrste campingplassane på Sunnmøre vart etablert på Sæbø som i år feirar 50-års jubileium. Det store sandtaket på Åmyra på Kvistad vart opna og store mengder med asfalt vart produsert og køyrt ut på vegane. Bla. vart vartdalsstranda asfaltert med asfalt frå Kvistad og prøver viste at her var det også den aller beste støypesanden som vart utteken.

I skulen vart det slutt på skriving med penn og blekk og det vart nye skrivemåtar. Vi som gjekk på skule den tida huska at det var slutt å skrive jente med g, slik som foreldra våre hadde lært.

Og dei voksne frå den tida huskar heilt sikkert kven som var for og i mot kommune-samanslåinga med Ørsta. På Lekneset vart det starta med veg til Trandal

Er det nokon som har gode bilder frå denne tida som kan fortelje om dagleglivet og den optimisma som rådde, vil skriftstyret gjerne låne dei for kopiering. Har du eit bilde som du nødig vil levere frå deg, så kan vi ordne med kopiering medan du ventar, eller vi kan kome til deg. Vi er interesserte i alle slags bilder frå heile fjorden.

Kontakt for skriftstyret er Ivar svein Mo, som kan nåast på ivarsveinmo@sunnmore.net eller mobiltelefon: 90203236