Å gå på Årsethornet er i grunnen ein veldig fin tur, med variert terreng og god utteljing med tanke på utsikta. Råsa er ikkje merka, men er lett å finne og startar på Årsetsetra. Den går på skrå opp og litt inn mot kvistaddalen, før den tek av rett oppover eit fonngjøl. Akkurat der den tek av oppover kan være litt vanskelig å sjå då råsa også fortsett vidare rett fram. Inntil det kjem eit skilt e.l der kan du vite at det ligg ca ein kvadratmeter med småstein midt i råsa der du skal ta av oppover. Så fyl du fonngjølet nesten til topps og tek mot høgre. Derifrå er det fin rås i variert terreng mot Årsethornet. Siste stigning er ein ganske bratt grassbakke etterfulgt av ur. Du når høgste punkt 1084 moh ca 10 min før du når toppen på 1026 moh. Her er det god plass og god utsikt over heile dalen og fjella rundt. Turen opp tek ca 2,5 timar. 

IMG_2293

På veg opp mista eg ein mutter som skal feste boksa fast i vardefestet. Så viss nokon skal opp i næraste framtid så hadde det vore fint om dei ville ta med ein mutter og feste boksa skikkeleg. No er den provisorisk festa av Arve med småstein :) Ta i tilfelle kontakt med Bodil eller Arve.

IMG_2275

Utsikta mot Sæbø

IMG_2278

Linda Stokke, Gry Vatne, Margunn Rødvik og Inger Lise Hanebrekke Lefdal

IMG_2282