Eitrefjellet med runda rundt store og Korsvatna.

Vi valgde å gå frå parkeringsplassen på Bondalseidet i staden for frå Tvergrova.

Vi tenkte det kunne vere greit grunna sleipt og vått terreng, og at vi hadde kort veg til bilane når vi kom i mål.

Imponerande sju stykker stillte opp, og vi tok vegen opp bratthenget.

Marit, Ingvild, Ann Helene, Haldis, Janneche og Unni.

IMG_5683

Her studerer vi snøkanona som står klar og vil gjere nytte for seg til oss skitrengde.

Nokre vil ha snøv andre ikkje, snøv er nok betre enn regn.

IMG_5684

Det er flotte haustfargar her og der, sjølv om det meste har vorte brunt i år.

Unni og Janneche i bratthenget.

IMG_5685

Marit i raskt tempo oppover, dei andre hakk i hæl.

IMG_5686

Bratthenget er seigt og bratt, så det er godt med ei lita pause av og til.

IMG_5687

Vanskeleg og fange det spesielle lyset som kjem over hausthimmelen i regn, men eit lite forsøk medan vi får nyte det "in live".

IMG_5688

Her skråar vi innover mot Knuteløypa, men går etter råsa som er grei og fylje, vått og enda våtere.

IMG_5689

Siste biten att før vi er oppe på Eitrefjellet, no er det stride regnbyge nesten samanhengande.

Likevel er humøret på topp, og vi er alle enige i at det gjer godt.

IMG_5690

Dette er det siste bildet som vi tok av oss samla, vi prøvde me det vart for mykje neglebet og vinden sto på tvers.

Vi gjekk bortom hytta til Ola og skreiv oss i boka, runda vatna og gjekk Nottane og Nakkeløypa nedatt.

Og det regna og bles ubeskriveleg.

IMG_5695

Nedi Nakkeløypa vart det skymt, så dette bildet er mot Ørsta by night.

Vi rakk nedatt før det mørka heilt og slapp og bruke haudelykt.

Det var ikkje ein tørr flekk på meg i allefall når eg kom nedatt. Kjøyreturen frå Eidet vart eit mareritt, eg var blå på leppene før eg kom meg oppi eit godt varmt bad- Hærleg.

Vi har sagt det før- dette er nok for spesiellt intresserte.

Neste måndag er det Klokkura.

Vel møtt.

Minner om at vi skal ha avsluttningskveld den 17 oktober kl 18 på Klubbhuset, alle som vil kan kome og vere i lag med oss.

Vi har ei overrasking som vi skal avsløre seinare.