Klikk på fotoa for å få deiu i full storleik.  Alle foto:  Knut Hustad

Saudedalen har etter kvart blitt ein kjend dal, sjølv om få har vore der.  Grunnen er nok at Hustadgjetaren Trefot-Jo hadde sitt "rike" her oppe.  Igjen syner eg til Jarle Walseth si gode skildring av den etter kvart vidgjetne ekspedisjonen han var leiar, og  av sommaren 2009.  Klikk her.

No er det nok litt ulike meiningar om kva Trefot-Jo gjorde.  Slapp han i det heile opp i Saudedalen?  Eller var det slik at han berre fekk lov til å ha geitebukkar på nakkane oppover mot Saudedalen?  Desse spørsmåla let vi ligge no, men syner nokre foto frå området tekne søndag den 18. september under sanking av sauer tilhøyrande Odd Bjarne Bjørdal.

Sauesanking Saudedalen 027 copy Sauesanking Saudedalen 015 copy
På foto til venstre ser vi Saudedalen.  Vi kan også sjå øvste delen av Lisje-Skåradalen - eller berre Lisjedalen, som dei seier på Skår - i venstre biletkant. Til høgre ser vi ut gjennom det som vert inngangsdøra til gjetarhytta (kjem opp neste år) til Trefot-Jo.  Vi ser i retning Storhornet.

Berre murane etter gjetarhytta til Trefot-Jo i Saudedalen står i dag att, men Thomas  Hustad har laga ny hytte.  Hytta vert sett opp til neste år.

Sauesanking Saudedalen 036 copy
Ikkje alle sauene gjekk nede i dalbotnen av Saudedalen.  Nokre gjekk også høgare oppe enn dette.  Det er altså Olavshola/dalen vi ser rett under.  Sæbø nede til høgre. Ja, det er litt fiskeaugeperspektiv på dette fotoet.

Sauesanking Saudedalen 020 copy Sauesanking Saudedalen 042 copy
Utsikt mot Urke og Norangsfjorden til venstre, mot Sæbø til høgre.

Sauesanking Saudedalen 050 Sauesanking Saudedalen 047 copy
Til venstre:  Mens vi ventar på snøen... Lisje-Skåradalen er ei av Noregs mest vidgjetne nedkøyringar på ski.  Turen ned Frå Skårasalen til Skår vert kvart år teken av svært mange vinterstid.  Men søndag var det altså sauene sin tur til å ta turen ned i Lisje-Skåradalen frå Saudedalen.

Sauesanking Saudedalen 054 copy

Sauesanking Saudedalen 058 copy Sauesanking Saudedalen 077
Det kan ta litt tid å få ned ein flokk sauer, men heldigvis er mannskapet på ferja på Hjørundfjorden svært greie å ha med å gjere og ventar gjerne, om dei kan.

Sauesanking Saudedalen 083 copy
Saueeigar Odd Bjarne Bjørdal og gjetarhunden "Kompis" med sauene.

Sauesanking Saudedalen 086 copy
Ein snartur innom fellesfjøsen på Skår, så går turen vidare inn i tilhenaren og vidare ombord i ferja.  Asbjørn Skår passar på at lam og sauer ikkje stikk av.

Ein quiz til slutt.  Dei siste dagane har underskrivne vore med å sanka sauer i Langhorndalen, Trolldalen, Kopphorndalen, Ådalen, Kvistaddalen og i dalen som du ser på det dårlege mobilfotoet under.  Men kva heiter denne dalen?

030
Kva heiter dalen ned til venstre?