Fredag ettermiddag sette 14 lystige damer i alderen 45 – 81 år kursen mot Oppstryn.

Målet for reisa var litt lenger opp i dalen, men først var det mellomlanding og innsjekk på det familiedrevne Hjelle Hotel ( www.hjellehotel.no ) ved austenden av Oppstrynsvatnet.

Hjelle Hotel

Tidlegare gjekk vegen til austlandet like forbi hotellet, men no går vegen i tunell eit stykke ifrå og staden har vorte ei fredeleg perle.

Med bagasjen på plass gjekk ferda vidare.

Folven

I samband med årets Hausthelg i Oppstryn inviterte Jorun Erdal til kick-off på Folven før årets strikkesesong. På menyen stod strikking, utveksling av tips og idéar, Taco-buffet og song/musikk ved Jorun sjølv og Birger Meland.

Erdal       Meland

Jorun Erdal er ei triveleg dame med mange jarn i elden. Ho driv klesforretning i Stryn, køyrer taxi, syng til dans og underhalding og er initiativtakar til strikkekaféen i Stryn Vertshus.

Birger Meland er ei kjend stemme frå NRK sine lokalsendingar frå Førde, men han veit óg å traktere eit tangentinstrument. Etter at Jorun hadde sunge fleire stykke, mellom andre Jørgen hattemaker og ei Randy Crawford-inspirert utgåve av Imagine, song og spelte han ein flott versjon av Autumn leaves.

Folven         Folven

Ann Helene og Sylvi  nyt den vakre musikken

Fredagskvelden var 14 damer frå Sæbø og 14 damer frå Stryn og Oppstryn samla på Folven.

Folven

Nokre med strikkety, andre utan. Ein treng slett ikkje strikke for å gå på strikkekafé. Det viktigaste er at ein har ein sosial treffstad.

Folven

Ingvild Åmbakk og Ann Helene Urkegjerde

I Oppstryn har dei eit bygdekvinnelag, men ønskjer seg og ein strikkekafé. Ikkje lett å finne passande tid og stad, men etter at Ingvild og Ann Helene har informert om korleis strikkekaféen på Sæbø vert driven finn dei heilt sikkert ut av det. Ein kan verte inspirert av mindre…

Etter ein særs hyggjeleg kveld gjekk turen ned att til Hjelle Hotel. Der venta gode senger på trøytte damer.

Hjelle

Romantiske rom med “himmelseng”

Hjelle Hotel har vore drive av same familie sidan 1896 og det ber delar av hotellet preg av. Der er mange spennande detaljar.

Medan dei fleste hadde ein avtale med Jon Blund fann nokre av oss ein gammal “salon” med mykje interessant handarbeid. Vevde dukar og portiérar og nydelege billedvevnader med landskapsmotiv. Kjekt at dei veit å ta vare på slike skattar.

Hjelle

Morgonstemning ved Hjelle

Etter ei god natts søvn var damene klar for nydeleg frukost.

Hjelle

Det var slett ikkje lett å få festa damene til eit felles bilete, men her er dei:

Hjelle   Hjelle

Alvhild, Judith, Ingvild, Ann Helene, Jannecke, Borghild        Sigrun, Manuela, Bjørg, Kjellaug, Solfrid, Else og Sylvi

Det er femte året Jorun Erdal og Lake ( www.lake.no ) arrangerer hausthelg i Oppstryn og laurdag føremiddag starta dei dagen med marknad.

Hjelle

På plassen nedom hotellet dukka dei opp, den eine salsbuda etter den andre.

Hjelle

Her kunne ein kjøpe frukt, bær, grønsaker, blomar, honning, heimelaga sjokolade, strikkeplagg, handmåla treprodukt, popkorn, rjomegraut og sikkert mykje anna.

Hjelle

Ein staseleg Lama kom for å helse på.

Hjelle

Gamlebutikken på Hjelle inneheld no kafé og utsal med lokal kunst og handverk.

I tillegg kan ein her kjøpe engelsk porselen.

Gamlebutikken

Far til den engelske hotellvertinna kjøper servisa på auksjonar i England og fraktar dei til butikken på Hjelle. Mykje fint å sjå, eller kjøpe.

Gamlebutikken

Solfrid og Else studerer engelsk porselen og handarbeid frå lokale produsentar.

Det vert sagt at damer på Sæbø gler seg til vinteren.

Hjelle

Bjørg Tryggeset, Sylvi Hustad og Manuela Ritter på Hjelle Hotel

Grunnen er sjølvsagt at dei då kan gå på strikkekaféen som har halde til i Bedehuskjellaren på Sæbø dei siste åra. No er det ikkje lenge før dei startar opp igjen og går alt etter planen vert det snart gjenvisitt frå damene i Stryn og Oppstryn.

Det gler vi oss til!