Bondalsbakken 2011.

Janneche, Haldis, Frøydis, Kari, Bodil og Unni sit på Bondalsbakken medan skodda kjem sigande, og ho kom fort.

Bondlsbakken 2011 001

Vi starta ved Rognestøylen,vêret var rett godt, så optimisma var stor.

Bondlsbakken 2011 002

Råsa er godt merka, men husk gode sko ,du vert nok våt på føtene uansett.

Bondlsbakken 2011 003

Det gjekk radigt innover langs Rognestøylsvatnet, og brått var vi i enden.

Bondlsbakken 2011 004

Snart kunne vi nyte utsikta nedover mot dalen, vatnet ligg blankt som ein spegel bak oss.

Bondlsbakken 2011 005

Haldis og Kari kikar ned, det var mykje blåbær å finne her.

Bondlsbakken 2011 006

No ser vi mot målet, berre brattaste kneika att no so....

Bondlsbakken 2011 008

Dei viser nok litt att i landskapet desse "mønstermastene" her tenke seg til korleis "Monstermastene" vert i samanlikning.

Bondlsbakken 2011 011

Oppetter bratta går det så det susar, endå var det opplett og flott vêr.

Bondlsbakken 2011 012

Ekte gjørme må ein nok kalle dette, vanlegvis er dette ein nokså våt  tur å gå uansett vër og årstid, men i år var det nok hakke verre enn vanleg.

Bondlsbakken 2011 013

Det "slafsa" og "surkla" godt i råsa, skal tru om ikkje det vert sleipt nedatt tenkte vi.

Bondlsbakken 2011 014

Endeleg nådde vi toppen, no ser vi skodda kjem snikande, kjent sak.

Bondlsbakken 2011 015

Vi rusla fint over egga, det var no vi skulle nyte utsikta skikkeleg, men vi får ha det til gode.

Bondlsbakken 2011 016

Så var det tid for fellesbilde, skriving i boka og litt snaks, før vi gjekk nedover att.

No kom regnet og skodda for fullt, han greidde ikkje å halde seg i dag helder nei.

Bondlsbakken 2011 019

Vi vart våtare enn våtast, frå topp til tå, verre har det ikkje vore.

Dette er kun for spesiellt intresserte, men humøret var på topp uansett.

Gratis dusj in natura, hadde vi funne ein slikkestein kunne vi massert oss inn og fått saltbad- sunt som berre det, ikkje rart vi held oss friske.

Kjekk tur.

Neste måndag er det Høgenausa, vi kan gjerne ta den turen i sol og opplett takk.

VEL MØTT!

Minner om dugnaden på onsdag.