Naturfestivalen

Familietur på stokkesetra 2011

Alette, Ingeborg, Håkon, Iver, Amalie, Nikolai, Eskil, Johan og Peder, sit på steinen ved setra.

Bak ser vi hesten Tiril som hadde kløvsal og bar inn veden til oss denne dagen.

Dei andre som var med var: Alvhild, Linda, Arve, Gunnhild, Kenneth, Gunnar, Henrik, Nanna, Haldis, Bodil, Bernt Arve, Wenche, Vidar, Maren, Sunniva, Øyvind, Marit, Oddvar, Svein og Eli.

Ein flott gjeng på tredve i tal kosa seg i finevêret på Stokkesetra.

Naturfestivalen2011 045

Ved parkeringsplassen i enden av vegen er ein "skrivestein", mange namn er der innskrive, men den er fin og klatre på også  her: Eskil, Amalie, Iver, Nikolai og Johan.

Naturfestivalen2011 047

Arve hadde på kløvsal på Tiril, dermed bar ho inn ved og anna tungt til oss.

Naturfestivalen2011 048

Gamleråsa nedom parkeringsplassen er leita oppatt, og den er mykje tørrare og finare å gå enn den våte, gjørmete som vi har brukt tidlegare.

Naturfestivalen2011 050

Her gjev Gunnar oss ein leksjon i korleis "jasepit" spente fellene sine for å fange dyr.

Like innom Haggaren er ei av dyrefellene til "jasepit" framleis å finne under ein stein.

Naturfestivalen2011 051

Vi vaksne var svært intresserte, medan ungane kika på og så vart dei nok meir intresserte i blåbær.

Naturfestivalen2011 052 

Då vi kom inn på Stokkesetra, var det fram med alt det gode vi hadde med i sekkane både av mat og drikke.

Naturfestivalen2011 053

Vi "sessa" oss rundt steinbordet, på benkar og på tuer og steinar.

Fram med drikke, vi vart tørste i det varme vêret.

Naturfestivalen2011 054

Alette og Amalie studerer i insektboka for å finne svar på kva slags dyr dei såg.

Naturfestivalen2011 056

Karane var ikkje seine, Gunnar smidde spiddepinnar.

Naturfestivalen2011 057

Henrik smidde spiddepinnar..........

Naturfestivalen2011 058

Og Kenneth smidde spiddepinna.

Naturfestivalen2011 060

Arve hadde laga bål, så då var det klart til spidding.

Naturfestivalen2011 061

Mange munnar å mette, så det var tett med pølser over bålet.

Naturfestivalen2011 063

Etter kvart vart det plass til litt pannekakesteiking, røre med rikeleg med egg frå lukkelege høner smakar ekstra godt.

Naturfestivalen2011 062

Gunnar hadde plukka ein pose med molter så vi fekk ha på pannekakene, mmmm... det smakte godt.

Naturfestivalen2011 065

Johan ventar, og har panta på neste pannekake.

Naturfestivalen2011 074

Linda kunne vise fram skikkeleg luftsnuing av pannekake, gutane er imponerte, vi andre og.

Naturfestivalen2011 072

Her har Iver funne fram marsmallows, det er kjekt å spidde det.

Naturfestivalen2011 071

Alette og Amalie spiddar også marsmallows,og linda steiker pannekake.

Naturfestivalen2011 081

Go jenta Maren kosa seg på setra, og gler seg til ho kan springe i lag med dei andre rundt om i buskene.

Naturfestivalen2011 082

Alt har ein ende, og Tiril som hadde fått smake både pølser og marsmallows, såg nedover mot Stokke og vart sala på til heimveg.

Naturfestivalen2011 084

Etterkvart hadde vi andre og fått pakka i sekkane.

No trua ei regnbyge i sikte så då takka vi for i dag.

Ein svært triveleg familietur, takk for laget.

No er det trimpostboks på Stokkesetra, husk å skriv deg i boka!