"Ola-Edvard"

var namnet som vart brukt i bygda. Han var nummer tre i ein barneflokk på åtte. Det er fortalt at han tidleg viste interesse for å teikne og kjøpte oljefargar i konfirmasjonsalderen.  Vinteren 1904/05 gjekk han amtsskulen på Ørskog.

Vi kan gjere oss nokre tankar om korleis det var råd å prioritere slike "unyttige" interesser når familien skulle livnære seg på kanskje den minste og mest tungdrevne garden i bygda. Olagarden er den første garden ein møter i Urkebygda når ein kjem frå Leknes. Bakkane oppover mot fjellet og nedover mot sjøen var heimestykket. I tillegg kom nokre smale teigar framme i dalen. Det meste av tida måtte nok brukast til å rydde, dyrke og hauste av det jorda og fjorden ga.

Ola-Edvard Måleri 1

Edv. R. Urke måla dette biletet året før han døde. Heimegarden til Edvard - Olagrden - ligg nedst t.h. Det skeivsperra bustadhuset i heimen står den dag i dag. Måleriet viser detaljar frå det meste av Urkebygda. Fjella, med Slogen som den sentrale, er seg sjølv like.

Lagnaden

I kyrkjeboka er det oppført at Edvard døde av lungetæring (tuberkulose), ein mykje vanleg diagnose i dei åra.

Men før han vandra frå denne verda, rakk han å lage fleire måleri. Eitt eller fleire skulle finnast i Olagarden og mellom syskjena. Broren Knut hadde same givnaden og var ein flittig teiknar til m.a. Hjørundfjordboka, det store bygdemåleriet i Grendahuset og treskjeringa i våpenhuset i Hjørundfjord kyrkje.

Vi veit at Edvard laga minst to måleri av det motivet som er avbilda her. Dette biletet heng på veggen i stova i Jensagarden. Men det var ikkje dette måleriet Jensa-Jens hadde kjøpt av Edvard....

Og om det fortel historia:

Eit liknande måleri vart gitt som gevinst på ein basar på Urke i 1906. Den heldige vinnaren var Iver-Lars som var berre 6-7 år gammal. Ramo-Jens var heime frå Amerika det året. Han emigrerte i 1877 då husa på garden hans, Ramogarden, brann ned og mangla forsikring. Men no i 1906 var han heime for einaste gongen og ville ha med eit minne frå bygda. Dette fekk han ved å kjøpe måleriet Iver-Lars hadde vunne.

Ramo-Jens kom i diskusjon med Jensa-Jens om kven sitt måleri som var det finaste. Og - som det sømde seg for tidlegare gamle, gode naboar - var det Jensa-Jens som raust tok ned frå stoveveggen det dei var enige om var det finaste med kommentaren: "Når du skal sitje borte i Amerika så trenge du det finaste bildet av bygda!" Dermed hamna måleriet som Iver-Lars vann i Jensa-stova, og Ramo-Jens fekk med seg det finaste tilbake til Amerika.