Vasstøylen og Kvamsedalsreset 4 juli.

Øverst ser du Fred, Bodil, Kari, Bernt Arve, Bente, Haldis, Janneche og Johanne, som vinkar til skoddefolen.

Vi starta frå parkeringsplassen i Kvistaddalen og gjekk forbi ei gulblomstrande beitemark med lukkelege kyr.

Dei ville ikkje vere med på bilde, men kom springande til oss for å sjå om vi hadde noke godt.

kvamsedalsreset2011 082

Haldis, Johanne, Kari, janneche, Bernt Arve, Fred og Bente.

Det var ikkje skodde her men vi såg at ho låg lengre oppe.

kvamsedalsreset2011 083

Her fekk hestane kvile.........

kvamsedalsreset2011 084

Så då tok me oss ein liten kvild me også.

kvamsedalsreset2011 085

På rekke og rad gjekk vi innover til Vasstøylen, vatnet låg so blankt og frista til kredefisking.

kvamsedalsreset2011 087

Medan vi skreiv oss i boka sto Haldis og såg drøymande mot , ja var det Langhorndalen eller var det kredefisking ska tru.

kvamsedalsreset2011 088

So bars det oppover mot Kvamsedalsreset, skodda nerma seg,men desse karane såg lyst på tilværet.

Bernt Arve skal ha skryt for at han ikkje sprong frå oss.

kvamsedalsreset2011 089

Snøbreeane som ligg i gjøla er framleis store, men det går greitt å fylje råsa likevel.

kvamsedalsreset2011 090

På kvilesteinen tek vi oss ei lita pause, det var godt og varmt sjølv om vi kjende gufsen frå snøven.

kvamsedalsreset2011 091

Her velgde vi å gå nedom råsa og ikkje krysse snøbreen, det var mange som var nyskjerrige på kva som var under.

kvamsedalsreset2011 092

Snøven var ikkje tjukkare enn so...

Det var nok rett å ikkje gå over snøven ja.

kvamsedalsreset2011 095

Då vi var oppe sette vi oss ned og naut utsikta, tenkte eg måtte dele den med lesarane.

kvamsedalsreset2011 096

Her på nedoverveg, her har det siste tida (ca ei veke sidan) gått ei skikkeleg vassfonn, snøven var brun og det låg gjørme, stein og anna rusk i råsa og området rundt.

kvamsedalsreset2011 097

Siste bratta nedatt før det flata ut att mot parkeringsplassen, no har skodda komt litt lenger ned.

Vi er svært klare for å få litt skikkeleg sommar no, kan det vere mulig at denne austamånen ikkje vil hjelpe?

Uansett, vi tek turen til klokkura og Tryvatna neste måndag, fin og slakk tur uansett vêr.

VEL MØTT!