Bokreidar Helge Standal hadde dessverre ikkje høve til å bli med på denne turen no når sola endeleg kasta glans over Sunnmørsalpane att. Derfor vende eg med til min faste turkompis Åsmund Vaage - og han let seg som vanleg ikkje be to gonger. Onsdagskvelden ringde vi til Christian Gaard og tinga skyss frå ferjekaia opp i Trandaldalen - og middag på garden når vi ein gong i kveldinga kom nedatt Lissjetrandaldalen.

IMG_3654

Skodda lettar og vi ser første halvdel av egga i bakgrunnen.

Vår vertinne stod klar på ferjekaia torsdagsmorgonen, skyssa oss opp i dalen, og nett i det vi steig ut av bilen, tok flatskodda som hadde uroa oss ein del i morgontimane, til å lette på sløret. Medan vi rusla opp frå Trandaldalen til det lågaste punktet på den lange egga mellom Skarrabben og Råna, letta skodda smått om senn, og resten av dagen var det sol, sol, sol - og det midt i fleisen heile vegen ettersom vi gradvis progresserte mot sør, sørvest og til slutt vest. Artig.

IMG_3681

Tauet har kome på og vi scramblar oss bortetter egga med løpande sikring.

Etter halvannan time var vi klar for klatringa sørvestover langs sjølve egga. Vi visste den var lang, men ikkje så lang! Moroa varte og rakk med stendig nye opptak, straks rett på egga, straks litt til høgre mot Trandaldalen, straks litt til venstre mot Regndalsbreen. Egga er veldig luftig mange stader og i lange parti, men klatringa er ikkje vanskeleg (sjølv om vi om lag halvvegs må ha gått feil, for då rota vi oss bort i fem-seksar klatring, og det skal ikkje vere naudsynt ifølgje føraren). Etter tre og halv time i tau langs egga, enda vi på toppen av Råna. Utsynet var like fantastisk no som det hadde vore heile vegen.

IMG_3697

Flotte formasjonar i spektakulære omgjevnader. Vi ser dei to siste fortoppane før sjølve Råna i bakgrunnen.

IMG_0215

Luftig og lett over ein liten fortopp.

IMG_3698

Åsmund kosar seg på egga, med den veldige Nordveggen på Råna i bakgrunnen.

IMG_0225

 Biletet syner siste taulengda opp mot toppen av Råna - der fotografen stod.

Returen hadde eg som skrive planlagt via Lissjetrandaldalen til Christian Gaard. Denne dalen har eg utruleg nok aldri før vore i - og først no forstår eg kva eg har gått glipp av. Dalen er verkeleg eit eldorado for alle som er glad i spektakulær natur, med potente pinaklar peikande i hytt og ver og med fine bretunger ned mot ein grønspirande u-dal med elveslyng i botnen - alt hengande over Trandal, med nydeleg utsyn mot Sunnmørsalpane på andre sida av Hjørundfjorden.

IMG_3729

Trollske pinaklar pregar øvste delen av Lissjetrandaldalen.

IMG_3750

Fantastiske kontrastar mellom varm og grøn u-dal og snødekte Sunnmørsalpar i bakgrunnen.

Vi fann aldri det vi seinare fekk vite var ein god sti ned til Trandal, og dermed kjendest det ekstra velfortent å innta eit fabelaktig rekemåltid i kveldssola på Christian Gaard etter valdsam baksing i den bratte krattskogen ned frå hengedalen.

IMG_0251

Nydeleg å få avslutte turen med å lufte bein og hovud på ein stad som Christian Gaard! 

Stig Helset