Olavshola 6 juni.

Trudde ikkje det vart mange som vilde trasse regnet og ta turen i Olavshola denne måndagen, men då den eine dukka opp etter den andre vart vi til slutt fem som traska opp.

Olavshola 2011 001

Hilde, Fred, Kari og Unni med Sæbø i bakgrunnen, dette er ved enden av skogsvegen.

Olavshola 2011 004

Olavshola 2011 003

kari tek ein tår ved sjenkeretten, Huskar godt når dette skiltet vart laga, etter ein strid om sjenkeretten ved Sagafjord hotell.

Det renn friskt i denne krana , då er det verre med hotellet si......

Olavshola 2011 006

Rikeleg med vatn i Mikkjelskogen kraftverk også, kvennakallen går så det dura.

Olavshola 2011 009

Sæbø ligg i skodde, så steminga var trollsk.

Olavshola 2011 011

Kari ved Lissjesetra, skiltet på treet bak.

Olavshola 2011 010

Brått letta det og vi kunne sjå over til Skonndalen og Sæbønestua.

Olavshola 2011 012

Det ligg nokre tre over råsa, men Fred går under og trea ber grøne blad så det vert som ein portal.

Olavshola 2011 014

Før vi viste ordet av det var vi oppe ved trimposten vår, det har vore endel folk i dalen allereide i år, kan det vere fordi Ørsta turlag har trimpost her i år?

Olavshola 2011 017

Vi tok pause ved hellaren og kosa oss med sjokolade, der er ca 15 stk att til andre som tek turen. Andreas Hustad som spanderar.

Olavshola 2011 021

Vi tok turen bortom utsikten også, der har Ørsta turlag si kasse.

Vi kom over denne snåle steinen, huskar når den var ei "felle" som ungane skulle lokke meg til å sparke vekk den lause steinen, mykje artige minner der.

Olavshola 2011 023

Enda en portal på vegen nedatt, duskregn men varmt og fint, kansje litt sleipt somme stadar men vi tok det med ro.

Olavshola 2011 024

Huskar at skogsvegen vart rydda av Gunnar Stokke for nokre år sidan, skogen veks for og det er reine jungelen der no att.

Spørs om vi må ta ein dugnad og klippe vekk det grøvste.

Vi hadde ein kjekk tur, løyste monge verdsproblem både på vegen opp og på vegen ned.

Takk for laget.

Håpe på fint vër måndag 13 juni, då er det helg og kansje fleire tek turen til Gunnar-råsa via Skondalen, Storenakken og nedatt Risebakkane.

Minner om at du kan slå lag og vere med på jentebølgen, meld eller ring til meg eller Haldis i kveld om du kan vere med.

Fredag kl 1900 i vikegata Ørsta går starten.

Vel møtt!