Laurdagskvelden fekk ca.150 frammøtte ei kulturoppleving som vi vil huske lenge. Det var setesdølingane Kirsten Bråten Berg og Daniel Sandén-Warg som fekk all oppmerksomheit frå kyrkja sine frammøtte, denne fine forsommar kvelden.

IMGP0754_1

Omlag 150 tilhøyrar fekk høyre framføring av gamal og ny salmesong, musikk frå seilskutetida, middelalder balader og folkeviser om ulukkeleg kjærleik.

Folkesongar og sylvsmed Kirsten Bråten Berg er ein av landets aller viktigaste tradisjonsberarar av vokal folkemusikk. Ho er høgt dekorert. I 2005 blei ho slått til Ridder av 1. klasse av Den Kongelige Norske St Olavs Orden.

Sandén- Warg spelar hardingfele, fele, munnharpe, gitar og nyckelharpa. Som hardingfelespelar har han lært dei fleste slåttane direkte av Hallvard T. Bjørgum.

Svenske Sandén-Warg forlet heimlandet i ung alder og flyttet til Setesdal for å kome tettare inn på den lokale musikken og kulturen. Han rangeres i dag som A-klasses hardingfelespelar.

Sandén-Warg er medlem av spelemannslaget Knut Heddis Minne, og har halde fleire konsertar saman med hardingfelespelaren Per Anders Buen Garnås. Han spelar i bandet til Odd Nordstoga, og saman med Sigurd Brokke ga han i 2007 ut plata Rammeslag. I tillegg er han ofte Sissel Kyrkjebø sin musikar.

Dette var fyrste gongen Kirsten Bråten Berg held konsert i Ørsta kommune. Ho har bestefar frå Lida i Bondalen. Nemnda for Hjørundfjorddagane synes det var ekstra stas då ho takka ja til å opptre i Hjørundfjordkyrkja i forbindelse med Hjørundfjorddagane.

Kl 19 starta konserten, og på ein drøy time fekk vi høyre  gamle og nyare salmar, folkeviser  og balader.

Bråten Berg starta med ein gamal salme  til hardingfela frå Sandén- Warg. Så fekk vi høyre "Eg ser deg utfor gluggen" til gitar.

Eit instrumental innslag frå dei to på Harpeleik og og hardingfele, fylte kyrkja til ei stor musikalsk oppleving. Dette stykke var ein springdans frå seilskutetida.

IMGP0750_1

Vi fekk høyre ein springar på harpeleik og hardingfele.

Vidare kom ein folkesong der Bråten Berg snudde harpeleiken og Sandén- Warg tok fram gitaren.

I tillegg til at Sandén- Warg framførte god gamal Setesdaldialekt, som var nokså ukjent for oss fleste, fekk vi eit innslag med stev, som er ein måte å kommunisere på heilt frå middelalderen si tid.  Stev er brukt som kveing i tillegg til hardingfele, og vert ofte brukt som selskapsleikar i dag i Setesdal, der folk kver til kvarandre. Ofte handlar stev om ulukkeleg kjærleik.

 

IMGP0752_1_1

Daniel Sandén-Warg framfører her ein Setesdalstev i form av kveing. Dette er  ein nokså uvanleg musikkform i Hjørundfjordkyrkja.


IMGP0753_1

Etter  det eine musikalske perla etter den andre, også inspirert av hardingfele og Indisk musikk, var det slutt, men etter kraftig trampeklapp kom det eit par ekstra nummer.

IMGP0757_1

Og dermed var kvelden over i kyrkja. Ein kulturkveld av klasse, som vi torer oss til å gje terningkast 6.