Det var ein spent og nervøs gjeng som reiste til Ålesund igår ettermiddag. Dei fleste hadde fjorårets bortekamp i bakhaude når dei kom ned i salongen. I fjor var Marius S. lagleiar, og dommaren hadde visst sagt etter kampen: "e tror vi runder ned til 20-0! Det e et fint resultat". Om det var frykta for nok eit stortap som gjorde at han hadde så mykje på jobben å gjere, skal vere usagt.

005             Her er gjengen på ferga. Bak frå v: Kasserar Einar J. Tvergrov og Øyvind Wille. Framme frå v: Ådne Vassbotn (keeper) og Mikkel Riise.

Som vanleg hadde vi rekna god tid til kampførebuing, men igår hadde vi rekna litt for godt. 2 timar er vel mykje, sjølv for Sæbø. Ein av motspelarane lurte på kva vi gjorde her så tidleg? Han skulle heim å ete middag og slappe av før kampen, sa han. Slik nonchalant haldning gjorde ikkje nervane mindre, for å seie det sann.

Sidan vi hadde så god tid, og sola skein, la vi oss rett og slett ned på bana.

013           "Det e viktig å ta det med ro når ein kan" sa han Einar medan vi naut fineveret. Alle var samde. Fra V: Einar Tvergrov, Alex Riise Olsen, Gaute Holen, Mikkel Riise og Ådne Vassbotn.

For nokre blei all denne avslappinga i kjedlegaste laget. Noko måtte vi finne på for å få tida til å gå. "Vi prøver oss med "planking" var det ein som sa. For dei som ikkje veit kva "planking" er, så er det ein ny trend som går ut på å ligge stiv som ein planke oppe på diverse ting. Kun fantasien og kroppen set grenser. Dette påfunnet var det fleire som tende på.

017            Her "plankar" Kim Tvedt eine båssbytta.

Faremomentet med "planking er når ein utfordrar kvarandre til stadig større høgder og ekstreme stadar. Etter nokre få augneblinkar hadde denne tilsynelatande harmlause leiken byrja å utarte seg.

016            Her "plankar" Ådne og Mikkel eine inngongen til Stadion.

Då nokre byrja å snakke om ståldragarane som held taket oppe, måtte eg bruke mi mynde som fotballformann og seie at "slikt tull får dokke vente med til etter kampen". Vi småjogga nokre runder rundt stadion og tenkte på kor det må vere å spele med så mange folk som ser på?

Også inbyttarbenken måtte prøvast. Tenk her har mange Aafk spelarar såtte.

010             Frå v: Øyvind Wille, Einar Tvergrov, Gaute Holen, Ådne Wassbotn, Mikkel Riise og Lars Ørjan Kråkenes.

Medan vi satt på benken og fintenkte, vart det sagt: "Vi skulle hatt ein slik benk på Sæbø med! Tenk kor praktisk det er med sånne hjul då! Han Bernt Arve kunne ha dråge oss med plenklippartraktoren mens vi satt på benken, frå klubbhusdøra og bort til bana. Då hadde vi slåppe og gått uti regnet! ".

Etter ei stund nærma det seg kampstart, og nervane byrja å komme. Vi sprang litt rundt, men dei hadde like få ballar på Colorline som på Sæbø, så oppvarminga blei så som så. Kva lag stiller Aafk med? Var det mange som lurte på.

Aafks 7-ar lag er samansett av veteranar som alle har til felles at dei har spelt på Aafk. Nokre i tippeligaen og andre i første- og andredivisjon. At enkelte av dei er opp i åra, gjer at dei ikkje er like raske som dei eingong var, men teknikken har dei framleis.

aafk oldboys         (Arkivfot: www.aafk.no/default.aspx?menu=1029&id=42947)

Bak f.v: Bjørn Nilssen, Rune Sunde, Harald Nøstdahl, Olav Aarø, Dag Flem Jacobsen, Jarle Ødegaard, Trond Drevik, Jan-Ivar Hansen og Bjørn Olaf Nilssen
Foran f.v: Ottar Berild, Tor Erik Standal, Sindre Holand, Eivind Syversen, Kai Birger Myrold, Kristian Klausen og Jan Erik Halkjelsvik

I tillegg til desse spelarane hadde Aafk med seg Frode Fagermo. Dei fleste av spelarane hugsar godt Frode frå den tida han spelte på Aafk (det er berre 4 år sidan). Spesielt bilete på Sumpen sitt kampoversiktshefte frå 2005-sesongen gav grunn til bekymring.

frode fagermo Foto:
http://80.91.34.209/thumbs/sp/3/d2/sp3d2822.jpg

Her taklar Frode, Magne Hoseth. Mange lurte på korleis dette skulle ende. Frode hadde trass alt over 150 kampar for Aafk, men Sæbø hadde og med nokre rutinerte spelarar. "Det e då ingenting" var det fleire som kom sa." Øyvind Wille har då over 400 kampar for Sæbø og han har ikkje mista farta eingong". Med dette i bakhovudet, gjekk sæbøspelarane ut på bana.

008

Vi hadde på førehand samanlikna kampen med United - Barecelona, og blitt einige om at vi skulle legge oss defansivt, men samstundes jage eit tidleg mål.  Etter berre 5 minutt sjokkopna Sæbø med å gå opp i leiinga. Sæbø braut eit Aafk angrep og kontra. Sæbø spelte på tvers av mål og Mikkel Riise sette ballen sikkert bak Aafk målvakta. Sidan dabba kampen litt av.

Det synte seg etterkvart vanskeleg og liggje nedpå å forsvare oss. Det blei mange tøffe tak i forsvaret. Likevel produserte Sæbø eit hav av sjansar. Ådne Wassbotn, som og er handballspelar, heiv like godt ballen fram til Mikkel som var spiss, slik  at han kom åleine med keeperen. Det var så vidt han ikkje scora.

bilde 2  Situasjonsbilete frå kampen. Diverre var det veldig skarpt lys så det er litt uklart. Her held sæbø på å bygge opp eit angrep. Tor Lande fossar mot mål.

Sæbø hadde mange sjansar og spelte til tider godt, både framme og bak. Berre ein god Aafk keeper holdt Ålesund inne i kampen. Sæbø forsvarte seg godt. Mellom anna blokkerte Stig Harald Myklebust eit skot frå Frode Fagermo som han nok kjem til å kjenne ei tid framover.

025

Baksida på låret til Stig Harald etter ei god blokkering og eit hardt skudd. Trass mange harde bataljer og harde skot var kampen prega av god tone og munterheit. Sæbø hadde forbetra seg mykje sidan i fjor når vi var her. Sluttresultatet blei tilslutt 8-1 til Aafk. 19 mål mindre enn forrige gang.

024  Fotballformannen, meg sjølv, Alex Riise Olsen, var særs nøgd med alle sin innsats idag. Det er kjekt å få komme hit til Colorline og spele kamp. Det er mykje å lære, også er det ikkje minst veldig sosialt, noko som vi prøver å byggje som ei merkevare på klubben vår.

Heia SÆBØ!!!