jentebølgen 2011.

Vi snakkast på mandagstur om at kansje trimgruppa skulle stille med eit lag på jentebølgen.

Vi fekk god respons og reiste til Ørsta med ein flokk på 14 spreke damer i sin beste alder.

Vi dressa oss opp med Sæbø hue, og nokre hadde Sæbø jakker, og godt humør hadde vi i fleng.

Vi møtte kl 18 så vi fekk med oss litt underhaldning, og vi fekk varme skikkeleg opp med zumba.

For dei som ikkje veit kva zumba er så vert det på godt norsk også kalla riste på raua dans.

Løpet var "rusletur" for oss som er vande med bratte reser i trauste fjell.

Litt uvant med så mykje publikum langs løypa, det var noko nytt for oss.

Vi var heldige med været under løpet, det var for det meste opplett.

Verre vart nok været under premiutdelinga, då vart vi godt våte, men vi var tre stykker som vann gevinstar så då fekk vi bra uttelling.

Bilde0697

Eg (Bodil) vann eit gavekort på 200 kr.

DSC00098

Randi vann eit gavekort på 300 kr.

DSC00099

Manuela vann ein pakke Tex- mex  mat mix.

DSC00097

Og her er supergjengen som stillte og gjennomførte med glans.

Ann Helene, Oddhild, Hilde, Petra, Kanutte, Unni, Bodil, Haldis, Alvhild, Janneche, Torill, Sigrun, Manuela og Randi.

Kari var brunostdronning og gjekk i lag med meieriet.

Takk for laget for denne gong, vi må stille neste år også og då vil vi gjerne ha med fleire.