Heida 27 juni

Opp frå Tvergrova, over Heida og nedatt Nakkeløypa.

Vi var elleve som trassa regnet og skodda i dag, møttest på Tvergrova og traska oss oppover langs stien.

Ingressbildet er teke ved gamleseltuftene.

Terje med Theo, Bente, Alvhild, Kari, Haldis, Kanutte, Fred, Jorunn, Marit, Unni og Bodil.

Valsetheidaeitrefjellet 2011 040

Det regna godt når vi starta, men sida råsa går inni skogen så merka vi ikkje så mykje ta det.

Valsetheidaeitrefjellet 2011 042

Theo var sporfinnar og ville gjerne gå fremst, vi andre hadde nok ikkje same kondisen.

Valsetheidaeitrefjellet 2011 044

Det var rikeleg med friskt godt vatn i Tvergrova (elva), nedom skimtar du så vidt gardane, det går raskt opp i høgda her.

Valsetheidaeitrefjellet 2011 046

Godt med ein liten kvild i brattå, Jorunn , Kari og Haldis.

Valsetheidaeitrefjellet 2011 047

Som de ser er det bra stigning, Bente, Alvhild og Marit.

Valsetheidaeitrefjellet 2011 049

Brått var vi oppom skogen og kunne nyte utsikta, her mot Bjørdalen.

Marit og Bodil.

Valsetheidaeitrefjellet 2011 050

No vart det opplett og, "ja skine han av no verte han heite".

Me vart nesten frista til å ta oss ein dukkert i denne hølen, men sto over i dag.

Valsetheidaeitrefjellet 2011 051

So opna det seg, landskapet, og det vert som uendelege vidder.

Baki ligg Nottane og Veirahaldet, som de ser er det mykje snøv i Trollbotnen endå.

Valsetheidaeitrefjellet 2011 052

Flott utsikt herifrå, Alvhild og Kari i framgrunnen, du ser skodda på Sæbø, men vi slapp unna.

Valsetheidaeitrefjellet 2011 054

Valsetheida er nådd, hytta hass Ola ligg der og vi var inn å skreiv oss i hytteboka, og i Trimpostboka som heng på Hytteveggen.

Her passa det med litt niste, før vi gjekk vidare rundt Korsvatnet og Storevatnet.

Valsetheidaeitrefjellet 2011 056

Her ser du Storevatnet og Eitrefjellet i bakgrunnen, vide flotte vidder å gå på.

Valsetheidaeitrefjellet 2011 058

Det er mykje som kjem fram når snøen forsvinn.

Vi samla ein haug med tomflaske, eingongsgrilla og anna rask.

Theo og Terje sjekka tomgodset.

Valsetheidaeitrefjellet 2011 060

Haldis samlar saman "funnet", vi la det frå oss ved trekkbuda i nottane, så får vi håpe det kjem til rett leveringstad eingong, og ikkje ligg utover "all mark".

Skammeleg kva "naturfolk" kan kaste frå seg!

Valsetheidaeitrefjellet 2011 061

Vi rusla oss over mot Nakkeløypa, nedi dalen ligg skodda, men vi hadde opplett.

Valsetheidaeitrefjellet 2011 062

Sølvskirande fjell og skoddedyne, det kan vere rett vakkert i regnvêr også.

Valsetheidaeitrefjellet 2011 065

Grønt og frodigt nederst i Nakkeløypa, no nerma vi oss skodda.

Valsetheidaeitrefjellet 2011 073

Gamlevegen heimover til Tvergrova att, Theo og Terje i skoddedisen.

Valsetheidaeitrefjellet 2011 075

Tvergrova i sikte, no er vi framme ved utgangspunget att, flott tur.

Valsetheidaeitrefjellet 2011 074

Prøvde å fange noke trollsk på bilde, kongelvev på ei daude grein.

Valsetheidaeitrefjellet 2011 036

Lurer med eit bilde frå søndag, bok og boks er kome på plass på Bondalsbakken, stien inn er godt raudemerka men våt.

Ivar Svein har laga oss ein "link" på høgresida på portalframsida, der kan du klikke inn for å sjå turane våre, kjekt.

Minner om neste tur: Vasstøylen og Kvamsedalsreset.

VEL MØTT!