Dyrevernorganisasjonar melde seg på og ville ha dyra avliva, medan andre meir jordnære meinarar ville spare livet deira sidan dei til no hadde overlevd i dette steintøffe terrenget kanskje så lenge som dei ti siste åra.

geitebukk11

Kan dettte vere ein av dei?

Siste vinter var svært kald og lang med mykje is både til fjels og på flatlandet. Det fell naturleg å spørje seg korleis det har gått med villgeitene denne vinteren.

Det er ikkje så mange som fingranskar området Leknes - Trandal i det daglege, og geitene eller bukkane er heller ikkje så lette å oppdage. Men Johan Arnt Leknes kan opplyse at eit av vaktmannskapet på ferja "Halsa" har rapportert at dei har sett geitene i det siste. Den eine er drivkvit etter vinteren og sola som skein i april og mai.

Med det kan vi opplyse at villgeitene - truleg ein bukk og ei geit - framleis lever og har ikkje latt seg knekke gjennom ein av dei hardaste vintrane vi tobeinte har opplevd på lenge...

Om dei kan bli fleire denne våren og sommaren er det nok naturen og alderen på geita som avgjer.

Bileta eg brukar for å illustrere villgeitene er "rappa" fra nettet. Fotograf er 21-årige Ingar Ståle Bringsvor frå Sandsøya. Villgeitflokken på Voksa er modellar for hans motiv. Han har og eit anna prakteksemplar her:

geitebukk5