Sommarferien nærmar seg og fotballen tek ei lita pause, i den samanheng arranger vi fotballens dag som ei sommaravslutning.

Vi startar dagen kl 13.00 med litt praktisk informasjon med inndeling i grupper og lag. Så vert det ulike ferdigheits øvingar rundt om på banene.

Klokka 14.00 brakar det laust med SUPPORTER KAMP.
Laga som stiller til kamp denne dagen er Liverpool, Manchester United, Sæbø og Aafk, dvs supportera av desse laga. Så ta på/ med supporter effekter og ver med på å få ditt lag fram til siger. Hugs å ta med leggskinner, og skulle du ha fleire så kanskje nokre av foreldra som skal vere med kan få låne?

juni09 014

Kvart lag skal vere samansett slik:
2 spelara frå A- laget
2 foreldre
2 spelarar frå G 16
2 spelarar frå G- 11
2 spelarar frå J- 11

Det skal spelast 4 fotballkampar, vinnar av dei to første går vidare til finale og taparane spelar bronsefinale mot kvarandre. Kva lag som skal spele mot kvarandre i innleiande runde vert trekt under åpninga.

Når beste laget er kåra vert det felles matpause. Det vert då høve til å kjøpe seg pølse m/brød (20,-), hamburger(30,-) eller lasagne(50,-).

Etter matpausa skal vi prøve å ta teknikkmerker, http://www.fotball.no/Barn_og_ungdom/Barnefotball/NFFs-merkeprover/
så her er det berre å trene :-) Vi utfordrar spesielt spelarane på 16- årslaget til å gjennomføre merketakinga, kanskje vil det vanke premiar til beste resultat??

Fotballens dag vert avslutta med gruppebileter og utdeling av diplom.

Jentelaget

Og sist men ikkje minst, ARBEIDSLISTA.
Sjeldan eit arrangement utan dugnadsinnsats. Dersom du ikkje har moglegheit til å stille så høyr med ein annan fotballfamilie om nokon der kan gjere jobben din.

Kiosk:
13.00-14.00 Janneche Myklebust
14.00-15.00 Helen Flatnes
15.00-16.00 Wenche Strand
16.00-17.00 Gunn Homberset

Grill:
15.00-17.00 Aanon Aanonsen og Irene Hustad
15.30-16.30 Gerd Sofie Langvatn, Monika Eikrem, Roy Lillebø og Marit Rekkedal.

Levere grøn salat:
Gry Valset
Frøydis Ville
Tonje Rem
Eve Myhre Holen
Anne Fride Gulbrandsen
Torill Storeide


Opprydding: Alle.
Ansvar for å køyre benkane til BFUL fram att på Grendahuset: Arve Rødvik, Per Ove Follestad, Jon Åge Solhaug og Kjell Otto Holen

Håper at ALLE vil vere med på ein sosial og kjekk fotballdag. Og med ALLE så meinar vi ALLE spelarar, frå 1. klasse til og med A- laget, og sjølvsagt alle foreldre, søsken, bygdefolk og andre supportera

Fotballens dag sin komitè
Aleksander Riise Olsen, Yngve Frøland, Knut Inge Haugen, Øyvind Taklo, Monika Eikrem, Frøydis Skår Ville, Gerd Sofie Langvatn og Siw Bjørdal Lillebø