Leknesdalen med mykje attåt!

 

bodil 001

Haldis betraktar turmålet, det ser bratt ut på framsida.

bodil 004

Vi møttest på fergekaia kl 17, det vart ein travel tur for billetøren då alle hadde "store penga", men han trøsta seg med at det vart betre på tilbakevegen.

bodil 005

På Lekneset var det klar to turledarar og tre bilar til å frakte oss til urke.

Snakk om sørvis!

bodil 006

Bratt og tørt frå fyrste steg, vi gjekk på med godt mot.

bodil 007

Eldrid orienterte om alt vi lurte på, kven som bur der og kven si hytte står der, greit med ei bygdevandring til fjells.

bodil 008

Det vart tid til små pauser på vegen opp, når det er bratt får vi opp pulsen og det kjennest at det trengst turtrening.

bodil 009

No er vi nesten oppe i dalen, siste etappe på oppoverturen er i sikte.

bodil 010

Det opnar seg og vert flatare når vi kjem oppom skogen mot dalen.

"Høner i solnedgang" var forslaget frå nokon i fyljet, som tittel på dette bildet.

bodil 011

I Leknesdalen skreiv vi oss i boka til turlaget, og sette kursen ned til seltuftene for å ta ei pause der.

bodil 017

Fellesbildet frå haugen ved setra, med Bondalen i bakgrunnen.

Oddbjørg, Haldis, Manuela, Birgit, Ingvild, Oddhild, Karin, Eldrid, Marit, Kari, Kanutte, Torill, Randi, Janneche, Bente, Rolf, Bodil og Anne Fride.

bodil 018

Her er vegvisarane våre, Oddhild og Eldrid.

Tusen takk for hjelpa, og ein takk til Helge som vart hyra som sjåfør.

bodil 020

Her ein liten rast på nedattvegen.

bodil 022

litt småprat før brattaste stykkjet.

bodil 030

Til tider litt bratt, men me gav oss god tid, då går det bra.

bodil 032

Alle beundrar utsikta mot Sæbø.

bodil 033

Flott utsikt utover fjorden også.

bodil 034

Nesten nede på Lekneset, panoramautsikt frå her også, ope og fritt i fjordkrysset.

bodil 035

Me gjekk oss rett på eit hagevedunder, og tok ei hagevandring på eiga hand.

Mykje fint å sjå, potetene var til og med komne i jorda.

bodil 036

Og ikkje nok med dette , då vi kom forbi tuna på Lekneset vart vi inviterte inn på kaffi og krumkaker medan vi venta på ferja, tusen takk for flott gjestfridom og servering Oddlaug.

Ja dette vart ein tur med mange høgdepungt, flott start på sesongen.

Neste tur vert søndag 8 mai avreise frå Sæbø kl 17.

Då går ferda til Dinglavatnet.

Vel møtt!