Med varsemd vert  slangen førd som ein støvsugar over botnen på rognkassene og ikkje lenge etter har ca. 12000 lakseyngel forsvunne inn i slangen og funne vegen ned i dei to plastdunkane.  – Ingen grunn til å endre på det som har fungert godt i årevis, seier Helge (Strand).  Hevertprinsippet har vore mykje brukt, også i Bondalen.

Laksyngel 012 copy
Lakseyngelen er ikkje stor, men likevel ser Jostein Koppen at han er klar for livet id et fri i Hvittingselva.

Laksyngel 022 copy Laksyngel 026 copy2
Helge "støvsugar" opp yngelen, Jostein passar på at han hamnar på rett plass - i plastdunkar.

Det har vore travelt i klekkjeriet på Hustad i det siste.  I tillegg til det vanlege som å passe på rett vasstilførsel,  plukke ut daud yngel, fjerne sopp, rusk og skit, så må  det passast på slik at yngelen vert sett ut i elva til rett tid. Helge og Jostein (Koppen) er samde om at eit trena auge ser fargeendring på yngelen, han får ein  mørkare brunfarge, når han er klar for livet i det fri. – I tillegg er det avgjerande at lakseyngelen får med seg litt niste, at det er litt att av plommesekken, forklarar Helge.

Men før yngelen kan setjast ut og i elva og om nokre år kanskje kome attende til Bondalselva som laks eller pjakk,  må  foreldra til yngelen vere godkjende av sjølvaste  Fiskeridirektoratet. I klekkjeriet får kvar enkelt holaks -  i god vestlandsk tradisjon -  tildelt ein bestemt hanlaks som skal verte far til borna hennar.  Rogn og mjølke frå dei to vert plassert i ei eiga, nummerert rognkasse.  Deretter vert skjelprøve tekne av foreldrefiskane .  Finn direktoratet ut at  ein- eller begge av laksane er oppdrettsfisk, vert dei befrukta egga kassert.  Avkom av oppdrettsfisk er lite populært i lakseførande vassdrag. 

Vikarar
Helge og Jostein har gjennom mange år fått fram- og sett ut hundretusenvis av lakseyngel i Bondalselva med sideelvar. Likevel er dei begge med på å understreke at dei no berre er vikarar – vikarar for Bjørn Urkegjerde.  Dei siste åra er det nemleg han som har hatt ansvaret for- og gjort det meste av arbeidet med å fange stamlaks i Bondalselva, stryke laksen om hausten og altså setje ut laksyngelen i elvane. Men no i januar vart Bjørn diverre sjuk og 50 – 60 tusen yngel mangla med eitt  barnevakt.  Helge og Jostein tok velvillig på seg vikarjobben. – Vi vart vel plukka ut fordi vi ikkje hadde trong for særleg opplæring, humrar Jostein.

Laksyngel 043 copy Laksyngel 059 copy2
- Her i Hvittingselva vil yngelen få det godt, seier Helge.

Laksyngel 048 copy
Jostein går mellom tusenvis av kvitveis og set ut yngelen frå elvebarden.

Hvittingselva
Denne dagen skal altså 1200 lakseyngel setjast ut.  Elva heiter i Hvittingselva, elva mellom Videtjørn og Rekkedal, staden er ei strekning framom Valsetbrua. Jostein tek med seg den eine dunken med yngel, Helge den andre.

– Dette er ei fantastisk yngelelv. Ikkje er her fare for isferd, vatnet renn roleg og no ved utsetjing er temperaturen ideell.  Og aldri har vel vatnet i elva vore reinare enn no.  Det er pedagogen Helge som igjen underviser der han går med vadarar ute i elva på leit etter gode plassar der han kan sleppe fri  litt yngel frå dunken.  Jostein går langs land litt lenger framme i elva – mellom tusenvis av kvitveis.  Og om ikkje lenge er den siste yngelen i denne omgangen, sett ut.  Men vil yngelen kome attende som storlaks om nokre år?

Naturleg gyting best
I år er det ”berre” ca. 50 tusen lakseyngel som vert sett ut i Bondalen.  At Helge i alle høve har vore med på å setje ut så mange som 300 tusen yngel per år i tidlegare tider, ser ikkje ut til å uroe han noko særleg. – Erfaring og læring har lært meg at naturleg gyting er best.  Det gjeld  også i Bondalselva med sideelvar, seier Helge.  Han legg til at denne tradisjonen med å ta stamfisk for så seinare å setje ut yngel i elvane, aldri kan verte noko anna enn eit supplement til den naturlege gytinga. – Dette er berre ein rein beredskap i tilfelle stor isferd i Bondalselva og det er viktig at kunnskapen om dette arbeidet vert halden i hevd, avsluttar han.

Så står det att å sjå kor mange av desse 12000 ynglane som greier å overleve elveperioden på 2 – 5 år, kor mange som greier å dukka unna måsen ved elveosen når dei går ut i havet, kor mange  som greier å unngå glupske torskar og lyrar som ventar rett utanfor marbakken, kor mange som greier å kome seg forbi lakselusa i fjordane,  kor… 
Vi lever i håpet.

Laksyngel 068 copy2
12000 yngel er sett ut.  Det er tid for eit fem-minutt.

Laksyngel 071 copy
Enno er det att nokre tusen yngel i klekkjeriet på Hustad, men desse to karane, Helge Strand(t.v.) og Jostein Koppen gir seg ikkje før alle er på plass i elva.