Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.  Alle foto:  Knut Hustad.

Når ein går åleine på ein skitur vert det gjerne ikkje så mange skifoto - og i dette høvet er kanskje det det beste...  Likevel startar eg med eit foto av Grøtdalstinden sett frå Lissjedalsida sidan det er fleire som lurer på om det enno er snø der. Ja, ber du ski og utstyr opp frå Holen og  litt forbi Årskogstøylen (vel halv-timen), er det glimrande skiforhold - heilt til topps.

Lisjedalshornet 019 Lisjedalshornet 047 (2)
Grøtdalstinden(ane) sett frå Lissjedalshornet.  Utsnitt av same foto til høgre.  Raud strek syner siste del av ruta.  Knutsrenna mot toppen kan vere hard - stegjarn/isøks kan vere god å ha om natta er kald.

Under kjem ein del foto frå området Keipen og Lissjedalshotnet.

Lisjedalshornet 006 copy
Bondalen har visst fått klorofyllsjokk

Lisjedalshornet 013 copy Lisjedalshornet 016 copy

Lisjedalshornet 011 copy
BBC hadde nok likt vårvarianten også.

Lisjedalshornet 021 copy
Vestsida av Lissjedalshornet kan vere skummel for skifolket om vinteren, men er du utrygg, prøv no om våren.

Lisjedalshornet 025 copy Lisjedalshornet 031 copy
Naturen sjølv tek seg av kunsten

Lisjedalshornet 030 copy Lisjedalshornet 027 copy
Trimgruppa i Sæbø IL har sett opp trimboks.  Ta turen.

No er det fleire som har hatt problem med å finne toppen av Lissjedalshornet, Fred Ingar Somby er ein av dei.  I alle høve kan det vere klokt å gå nokre titals meter til - etter varden med trimboksa.  Då vert utsikta betre mot m.a. Dalegubben.

Lisjedalshornet 038b
Dalegubben ser du midt på fotoet.

Lisjedalshornet 035 copy
Toppen.  Største problemet her var vel å springe såpass langt på 11 sek med tunge plastsko...

Lisjedalshornet 042 copy Lisjedalshornet 036 copy
liten, men tøff.  Lynghalstinden til høgre.

Lisjedalshornet 048
Takk for laget.  For ein skiløpar står no det kjekkaste att...

Nokre lurer på kvifor ein skal bere med seg tungt skiutstyr eit godt stykke no om våren.  Til det kan eg berre seie at eg brukte ca. 10 min. frå toppen av Lissjedalshornet og ned til Årskogstøylen - inkl. eit par små pauser... Og du verden kor kjekt.

Hjørundfjord, pan
Hjørundfjorden og  Norangsfjorden.  Klikk på fotoet for å få det i stor versjon.