Kanautte (Nutte) Strand har knapt fått rydde bort påskekyllingane før ho opnar dørene til ein ny sesong - sommarsesongen 2011.

004 copy
Torsdag 26. april klokka 0930 har Nutte rydda bort påskekyllingane og hyller og diskar har blitt fyllt opp med ferske varer frå eige bakeri.

Brød i ulike variantar, skulebollar, vanlege bollar, wienerbrød, fyrstekake, eplekake, rundstykker,, brus og mykje, mykje meir vert å få kjøpt i bakeriet sin eigen butikk.  Ynskjer du påsmurde rundstykker til kaffien i kafeen får du sjølvsagt kjøpt dette også.

Opningstidene vert kvardagane frå klokka 0930 til klokka 1630. Laurdagar er opningstida frå klokka 0930 til klokka 1430.  Og kva med Pinsehøgtida?  Bakeriet vil også ha ope desse to helgedagane - i tillegg til Kristi himmelfartsadag, 2. juni.

Bakeriet vil også halde søndagsope frå slutten av juni.

009
Bakar Dagfinn (Daffa) Strand med to av dei mest populære brøda - Hjørundfjordbrødet til høgre, Ørstabrødet til venstre.

Nutte og Daffa ynskjer alle hjarteleg velkomne til ein nyn bakerisesong.