17. Mai 2011 - Sæbø 003_1_1

Leiar i SIL, Eldbjørg Tvergrov og Alexander Riise Olsen viser stolt fram den nye fana til Sæbø Idrettslag

 

Alexander Riise Olsen var lei av at Sæbø Idrettslag ikkje hadde fane.

Han tok like godt saka i eigne hender, og sette i gang å lage fane til 17. mai, samans med venninna Benedikte Bergmann Hansen. Monteringshjelp fekk han av tanta, Bente Stokke.

No kan det største laget i bygda, der dei fleste er medlkemmer, gå bak fana i 17-maitoget på Sæbø. På Norway Cup under innmarsjen, vil dette vere noko heilt anna enn ei papplate, som har vore nytta i nøden.

Alexander har mala dekrasjonar både her og der, og har nok ikkje vore langt unna når nyttårsplakatane skal lagast.

Leiar i Sæbø IL Eldbjørg Tvergrov er både overaska og takksam for fana. Alexander er ein kreativ gut, som ikkje berre snakkar om kva som skal gjerast, men han gjer det også, seier ho.