Dei har ikkje berre ansvaret for drifta av kunst- og husflidbutikken Nilsbuda på Sæbø, dei er også kunstnarar sjølve.  Difor har det vore svært travle dagar for Elisabeth Årseth Dimmen, Anna Moan, Ingvild Åmbakk og Dina Kolås. Nilsbuda er nemleg no klar for opning av sesong to og opningsdagen er laurdag 28. mai ( i dag) klokka 1100.

017 copy 010
No har Anna og dei tre andre drivarane av Nilsbuda på Sæbø fått all kunst og alle bruksgjenstandar på plass i hyllene.  I år har også Nilsbuda fått to nye glasmontrar.  Desse vert brukt m.a. til oppbevaring av Lillian Stavem sine arbeid i kunstglas(t.h.)

Også i år vil keramikkunsten til Rolf Vatn, vere på plass, det same gjeld ullbileta til Dina Kolås og syngedamene til Ingeborg R. Lejon, men Anna og Elisabeth strekar under at det er heile 43 utstillarar/leverandørar til Nilsbuda denne sommarsesongen.  Og dei minner også om at der er vakre barnekle, kjolar til jenter og vaksne kvinner å få kjøpt.

040 copy
Kjolar til unge og vaksne.

045 copy 053 copy
T.v. ser vi syngedamer laga av Ingeborg R. Lejon.  T.h. Ingvild Åmbakk med høne/vinvarmar og såpe som ho har laga sjølv.

037 copy 024 copy
Ullbilete laga av Dina Kolås(t.v.).  Elisabeth Dimmen har laga m.a. scrappingkort.

I juni og august vil Nilsbuda halde ope i helgane, dvs. laurdag og søndag mellom klokka 11 og 16. I høgste turistsesongen, dvs. i juli, vil Nilsbuda halde ope alle dagar - både helg og yrke.

På ferja på Hjørundfjorden er det diverre ikkje sveler å få kjøpt, men gode sveler med kaffi til får du sjølvsagt kjøpt på Nilsbuda.  Rett utanfor inngangsdøra er det både stolar, bord og parasollar.  Sistnemnde vernar både mot regn og sterkt sol.  Og på Nilsbuda får du også kjøpt lefser , flatbrød og drops - varer som du kan ta med heim.

Elisabeth. Anna, Ingvils og Dina ynskjer alle velkomne til Nilsbuda.

007b Nils Taklo 070 copy
Anna (t.v.) og Elisabeth er klare til å ta imot nye og gamle gjestar.  På foto til høgre ser vi keramikkunstnaren Rolf Vatn med eigne produkt i framgrunnen.

I nabohuset, i det gamle kommunehuset, har Nils Taklo salsutstilling av eigne måleri.