Då eg var liten hadde naboane oppe i Jensgarden eit  lite hus hengande på veggen – eit hus der dama kom ut når det var fint vêr.  Når regnbyene tromma på taket og lågtrykka stod i kø i vest var det mannen som stod ute på trappa. Eit slikt hus er det ikkje det gamle kommunehuset på kaia på Sæbø – men nesten.

011d
Thomas Hustad, dagleg leiar av Klippfisk Co AS

Dersom du i desse dagar tek turen til Sæbø ein føremiddag  ser du kanskje nokre trekantar i ulike gråtonar som heng i- og ved inngangsdøra til det som var kraftfòrlageret i det nemnde kommunehuset.  I så fall vert det truleg fint vêr utover dagen.  Heilt sikker på  godvêr kan du vere om du i tillegg ser ein eldre mann med stort, kvitt skjegg mellom desse fiskane.  For det er fisk det er snakk om.  Trekantane er nemleg flekt-  og sterkt salta torsk som er hengt opp til tørk for å verte klippfisk  av beste kvalitet.  Om ettermiddagen/kvelden tek mannen med skjegget, Thomas Hustad, fisken  inn.  Morgonen etter heng Thomas fisken på nytt opp igjen – om han meiner vêret vert godt utover dagen.  Skal klippfisk verte prima vare må han nemleg tørkast når vêret er lagleg og godt.

No vil vel nokre meine at denne harde- og livlause fisken i døropninga har sett sine beste dagar.  Ok, han var sikkert smidigare og meir glansfull før han vart fiska av Erling Berg, sikkert ein stad i nærleiken av Stennesrevet inne i Norangsfjorden, men som klippfisk vert han betre og betre for kvar dag som går. Thomas hadde i tidlegare tider sikkert også  færre furer i det til dels vêrslitne ansiktet sitt, men – for å bruke eit moderne ord – som kulturberar og klippfiskprekevør har han aldri vore betre enn no.

Det er altså  Thomas som står for alt det praktiske arbeidet med å omdanne fisken med skjegg  til klippfisk av prima kvalitet.  Likevel veit vi at skal det skapast eit godt produkt så må det også stå ein solid administrasjon bak – i alle høve eit styre. Og styret er der.  Er du heldig syner Thomas deg firmaskiltet rett på innsida av lagerdøra.  Her står det svart på kvitt at det er Helge Strand og Ivar Hovde som står bak klippfiskprekevør Hustad og dreg i trådane.  Og ja, Strand er den velkjende villaksførekjemparen, Hovde er den minst like kjende slagverkmannen.

014c
Styret er lite, men godt:  Helge Strand og Ivar "Gutte" Hovde.

Ei historie til slutt for eit par år attende. Ein laurdag morgon Thomas var i ferd med å hengje ut fisken til vidare tørk kom det ein  ukjend, litt sliten herre bort til han.  Herren hadde med seg nokre flasker med god drikke som han ville gje til Thomas, tydelegvis for å lette på eit noko dårleg samvit.  Han vedgjekk  glatt at han hadde stole seg ein snei med tørrfisk kvelden før.
- Tørrfisk? undra Thomas – eg lagar slett ikkje tørrfisk, dette er sterkt salta klippfisk.  Herren tenkte seg litt om, så kom det: Å f…, det var derfor det sveid slik i munnvikane…