Vallasetra og Mosetra.

Vi parkerte på Askjellhaugen og gjekk mot Engeset og oppover mot Nupen.

bodil 011

Det regna, men vi var godt vødde, så det gjekk bra.

bodil 012

Etter at vi kom forbi husa oppi i Nupen, kom vi på skogsvegen, der var det mangfoldigt og godt skilta.

bodil 013

Oppover langs vegen dukka det opp mange "trollske" figurar ,her er Haldis i selskap med ein.

bodil 014

Her er Alvhild med to skogstroll.

bodil 015

Kari fann ein rett elegant en.

bodil 016

Denne ser ut som ein eventyrfigur av eit ekte norsk folkeeventyrkvalitet.

bodil 018

Innst i Nupadalen var fossane store og fonnene hadde reve ned mykje skog.

bodil 019

Mykje godt vatn rett i "koppen".

bodil 021

Flott utsikt frå øvste delen av vegen på Nupasida.

bodil 022

"Pikene på broen"

bodil 025

Sjekk denne flotte kvileplassen med friskt vatn.

bodil 026

Denne hang på porten til den flotte paviliongen som du finn på Vallasetra.

bodil 029

Bodil, Kari, Haldis og Alvhild med Vallasetra i bakgrunnen, vidare ser vi innover dalen mot Ørstaskaret.

Bildet er teke frå Mosetra.

bodil 031

Nedatt gjekk vi Mosida, etter ei kort stund langs vegen gjekk vi på råsa.

bodil 033

Fin tørr rås, med fuglesong og kvitveis.

bodil 037

Rett før vi var komne ned på Askjellhaugen måtte vi ha et bilde ved elva.

Og vi var alle einige om at det var ein lang men flott tur.

Takk for laget.

Her kjem lista over måndagsturane framover sommaren og hausten.

 

 

MÅNDAGSTURAR 2011

 

 

Dato            turmål                                                        møtestad

23/5      Gamlevegen                                                         Villane

30/5       Høgenausa                                                       Aklestad

6/6         Olavshola                                      Skiltet v.vegen på Hustad

13/6     Gunnar-råsa/ Storenakken                           Fonnvernet

20/6        Grøthaugen                                                    Moane

27/6           Valsetheida/Eitrefjellet                               Tvergrova

4/7      Vasstøylen/ Kvamsedalsreset                    v. bommen på Kvistad

11/7          Klokkura/ Tryvatna                     Enden av vegen på Stokkesida

18/7        Tua på Hustadneset                             Hamna på Hustadneset

25/7     Tua på Sæbøneset                           Øvste svingen på byggefeltet

1/8          Årskogstøylen/ Høgereset (naturfestival)              Holebrua

8/8        Olavshola                                         Skiltet v.vegen på Hustad

15/8          Gunnar-råsa/ Storenakken                               Fonnvernet

22/8      Vasstøylen/ Langhorndalen                           v.bommen på Kvistad

29/8     Bondalsbakken                                               v. bommen i Sledalen

5/9          Høgenausa                                                         Aklestad

12/9            Grøthaugen                                                      Moane

19/9       Tua på Hustadneset                                 Hamna på Hustadneset

26/9        Valsetheida / Eitrefjellet                                       Tvergrova

3/10      Klokkura/ Tryvatna                           Enden av vegen på Stokkesida

10/10        Gamlevegen                                                      Villane

 

                          ALLE TURANE STARTAR FRÅ MØTESTADEN KL 1800

                                                          VEL MØTT!