Høgenausa.

Vi var berre fire damer som møttest på Akleatad, Sigve og Margreta hadde hatt seg ein tur opp dagen før, og kunne fortelje at det var råd å gå snøfritt i råsa på vegen opp.

På bildet  ser vi Kanutte, Kari, Bodil og Jorunn.

Vi var heldige , når klokka var seks, skina det nesten av, og vi fekk opplett.

høgenausa-2011 001

Vi var ikkje komne lenger enn opp til fyrste beitet då måtte vi kaste jakke og ekstra genser for det vart så varmt.

høgenausa-2011 004

Her tek vi ei pause ved "benken na mor"

høgenausa-2011 005

Når vi kom opp i storefonna, ser vi vide framover dalen, grønt og frodigt på markane i alle fall.

høgenausa-2011 006

Melisdryss på toppane, og som vi veit, bratt frå storefonna og heilt opp.

høgenausa-2011 007

Råsa er god og gå i, sjølv om det var nok litt sleipt somme stadar.

høgenausa-2011 010

Dess høgare me kjøme dess flottare verte utsikta, her ser me like til Stennes og inst i Nordangsfjorden, viss du he gode auge, Slogen er lett å kjenne att.

høgenausa-2011 011

Øvst ligg framleis ein god brede med snøv, me skolda hatt med oss skina.

høgenausa-2011 012

Jorunn beundrar trappetrinna, det er heilt utruleg for eit arbeid som ligg bak.

høgenausa-2011 013

Vel oppe tek vi ein kvild, vi kan sjå at det framleis ligg mykje snøv inni Frølandsdalen og Klokkura.

Her var godt med snøv rundt "kollen" her også, og mykje hjortespor.

høgenausa-2011 028

Vi måtte teste snøven på nedatteveg, før vi starta på "bratta".

høgenausa-2011 029

Det var godt å ta seg føre med hendene og slenge seg frå tre til tre på vegen ned, for det var sleipt og glatt og gå.

Men vi kom oss trygt nedatt denne gongen også.

høgenausa-2011 030

 

Denne flokken var glade for at eg ikkje hadde ete alle kjeksa mine, Sigve meinte dei viste eg jobba på Hjørundfjordheimen og venta difor at eg hadde med skorper til dei, skal huske det neste gong.

høgenausa-2011 017

Vi fire hadde ein flott tur, rakk akkurat nedatt før det starta og regne, snakk og god timing.

Neste tur vert Olavshola, det kan gjere godt etter Hjørundfjorddagane.

Vel møtt!

Vi i trimgruppa vil gjerne ha med flest mulig av folk på Jentebølga 10 juni, dei som har lyst ta kontakt med Bodil eller Haldis, og så vil vi melde på samla under Trimgruppa.

Starten er fredag 10 juni kl 1900 i Vikegata i Ørsta.

Vi skal ikkje springe, vi går i flokk, gjerne med Sæbø i.l. jakke.

Trimgruppa dekker endel av startkontigenten, 

Meld deg til oss innan 6 juni.