Det er 14 dagar til årsmøtet i Urke Grendalag: Laurdag, 21. mai kl. 14.00 på Grendahuset. Det er utført ei omfattande opp-pussing på huset, og det å få sjå resultatet av det, er og verdt turen - vi seier ikkje meir.

Grendahuset

Grendahuset frå utsida - men innvendig er det saker og ting på gang...

I ingressen er det nemnt grendalaget sitt formål. Vi siterer gjerne heile §1 i vedtektene:

"Laget sitt formål er å arbeide for å utvikle det sosiale, kulturelle, fysiske og næringsmessige grunnlaget for innbyggarane i bygda, og å være eit talerør i saker som vedkjem eller direkte grip inn i bygdefolket sine interesser. Grendalaget skal gjennom å støtte lokale initiativ og gjennom å sjøl ta initiativ, arbeide for å utvikle eit godt og aktivt bumiljø i grenda. "

Her er innkallinga til årsmøtet:

skann0001

Klikk på saklista for å få stort bilete!?

Eldrid Øye har vore leiar i laget det siste året. På årsmøtet skal det gjerast ei rekkje val. Viktigast er val av leiar og tre av dei 4 styremedlemene som står på val. Vidare skal det veljast varafolk mm.

P1040376

Eldrid Øye - leiar i Urke Grendalag

Tittar du på saklista, ser du at styret fremmer fleire sakar som skal avgjerast i årsmøtet. Det gjeld sakene 6 - 9.  Det skal fastsettast utleigesatsar for Grendahuset som Ørsta kommune har vedteke skal seljast til Grendalaget.

Dag for jonsokfeiringa  og arrangør av julefest/hjortefest  står på agendaen. Det skal takast stilling til om årsmøtet ønskjer arrangement komande sommar - kanskje på linje med kulturkvelden som vi avvikla i fjor?

Vel møtt til årsmøtet i Urke Grendalag!