Handballgruppa ber no bygdefolket på nytt om flasker.
Vi er i farta 26. og 27. april og håpar mange kjøper inn drikke på flasker og boksar som gir pant til påska, og at vi får tomgodset :-)

Vi har etterkvart vorte heilt avhengig av støtta vi får frå flaskeinnsamlingane. Vi har rekningar som må betalast og treng all støtte vi kan få.
Pengane går til utstyr og div. andre utgifter som fyl med det å drive ei handballgruppe.

IMG_0525

Her er nesten alle saman på Gutte 10 og Jente 10 laga samla i Stryn forrige helg saman med trenerane sine.  Ein kjekke gjeng som trives godt med å spele handball saman.

Vi takka for all støtte vi har fått tidlegare, og vonar det vert mykje flasker å finne denne gongen også :-)