Denne smijerns bøyelen dukka opp under graving i ei steinfylling frå 60-talet. Den tida det var berre opp og fram, og alt gamalt skulle kastast, og det skulle gjerast plass til det nye på ein gard.

 

Brukskunst-i-smijern

Eit prakteksemplar av eit arbeid som var gjort av ein dyktig smed.

Ein kan trygt kalle det brukskunst og etter mine kunnskapar om smijern, er det av ypperste klasse. Den er heilt symmetrisk og lik i begge endar. Gravemaskina si hardhente behandling, gjorde sitt til at eg måtte ta den ein omgong i skrustikka og ein del pussing av rust, men bøyelen er no omtrent som det var den tida den vart brukt.

Bøyelen manglar fem ting som var montert på, og tre av dei var laga av massing, og to av tré. Det var nok ein bruksting som høyrde mest til på ein gard fram til 60- talet, og før krigen trur eg det var ofte å finne i byane også. Det var også laga i tré, med fine utskjæringar og massing-beslag.

Som ein liten uformell quiz, kunne være artigt å høyre om våre portallesarar veit kva dette er, og kva det vart brukt til? Kva var namnet og om der var brukt fleire namn på det? Kanskje kan folk fortelje oss kva namnet kom av?

Reknar med at det kan være like mange unge som gamle, som kjenner att denne brukstingen.