Plateslepp med det nye country-bandet frå Ørsta/ Bondalen!

Crashville held platesleppet for si fyrste plate på Rust!"Fyrste reis" Med eigenproduserte låtar er plata eit lokalt norsk produkt, sjølv om det er krydra med med fele frå ein toppmusikar frå Amerika og pianomusikk frå ein som er av dei mest erfarne og beste norske countrypianonistar.


Bondalsdparken juni2010_1

Crashville var aktiv i Bondalsparken under Hjørundfjorddagane.

Crashville består av 4 mann, Tom André Holen, Svein Ivar Holen, Øystein Nybø og Hans-Christian Humberset.  Dei to fystnemnde er brødre og er i dag busett i Bondalen. Øystein er frå Åmdalen og har kjent dei to Holen-brødrene sidan dei var gutungar, då dei to budde fremst på Vatne i Vatnedalen.  Dei tre karane var tidlegare med i danseorkesteret  Black Sheep som hjorundfjord.no hadde ein reportasje frå i 2008.

 

Bondalsdparken juni 2010 III_1

Frå v.: Gitarist Hans-Christian Humberset, vokalist og gitar Svein Ivar Holen, bassist Tom-André Holen og bak sit Øystein Nybø på slagverk.

For eit par år sidan vart Black Sheep omorganisert og dei tre karane frå Bondalen og Åmdalen tok over bandet og fekk med seg Hans-Christian Humberset på gitar.

-Å få med seg den svært rutinerte meisteren på gitar, var avgjerande for å danne eit nytt band, seier Tom André Holen. Hans-Cristian var i lang tid gitarist i dansebandet Steinar Engelbrektson Band Etter samarbeidet med Hans-Christian starta, har vi vokse som musikarar vi andre, og saman er vi overbevist om at vi skal nå mange med musikken vår.

Den nye plata vår innheld kun eigenkomponerte låtar. Vi skal ha som mål å  synge på klingande ørsta-dialekt, og musikken er inspirert av den opprinnelige country-musikken frå Texas. Inspirasjonen til musikken hentar vi i bandet frå jobb og ellers i nærmiljøet, samt frå andre artistar. Her har vi spela inn mellom anna "Ein pensjonert kar", som heidrar pensjonistane ved Ørsta Stål.

Crashville har trekt fulle hus frå Voss til Nordmøre, og no er dei klare til å ta resten av landet med storm. Dei reknar med at det skal verte større etterspørsel etter dei no, når dei når ut til folk med video og CD`n.

I september 2010 starta arbeidet med CD plata

Bandet starta det store arbeidet med å skrive låtar og innøving i september 2010. -Det ligg utruleg mykje arbeid å få fram ei slik CD-plate. Det er ikkje nok med å skrive og komponere, men ein skal tenke og planlegge markedsføring også. Her har vi også spela inn ein video som skal brukast til TV- sendingar, no i fyrste omgong i Country Jukeboks som går på laurdagsnatta i NRK frå 01.30 - 04.00. Videoen som er av låta "Fyrste reis" ligg no tilgjengeleg på "Yoy Tube" og den har blitt sett av over 1000 personar, berre på nokre få dagar. - Seier Holen.

-Etter at låtskrivinga og innøvinga var ferdig i lydstudioet Audiofarm til Svein Erik Åmås i februar, gjekk turen til Giske, til lydstudioet Ocean Sound Recordings til "The Margarets".

I dette nye store studioet har det opna seg gode vilkår for nyutvikling innan musikk. Her spela vi inn vokal og instrument ei helg der vi jobba døgnet rundt. Kvart enkelt instrument og vokal, skal spelast inn kvar for seg, og det er ei stor utfordring å få dette til, men med god hjelp av dyktige fagfolk, gjekk dette svært bra, synest vi. Her har Svein Erik Åmås vore ein nøkkelperson for oss og slutt- resultatet kan vi takke mykje han for, seier Svein Ivar og Tom André

-Etter at arbeidet i studioet og etterarbeid med med finpussen var ferdig, skulle det påleggast fele og piano. Her måtte vi søke hjelp utanfrå og vi hadde gode kontakter til toppmusikkarane, og fast studiemusikkar i Nashville, Kurt Baumer, tok på seg jobben.

(-Og her er nok noko som våre voksne lesarar vil stoppe opp når det vert lese-)

-Ja vi sende over lydfila til USA om morgonen og om kvelden kom alle dei 10 låtane tilbake med countryfele-musikk på. Det same gjorde vi med piano som vart sent til country-pianoist Thor Einar Ribe i Norge. Når ein har med kunstnarar av denne klassa å gjere, så er det ikkje snakk om notar eller noko anna dokumentasjon, her er det kunstnerisk friheit og alt går direkte på sparket. Det er berre heilt fantastisk at det går ann, seier dei to.

Seinare vart den ferdige plata oversent til Nashville for mastring i Mastermix.

IMGP7675_1
Og Crashville har med seg sin sambygding og lyd-
mann Henning Svoren. Dermed er det garantert topp
lyd.

Etter vi no har fått det ferdige produktet er det gjort avtale med "Bare bra musikk" for å distribuere plata vår. Dei tek seg av å sende ut til butikkane og bla. NRK.

Plata ligg no til sals i CDON.COM og Platekompaniet

Men på laurdagskvelden er det plateslepp på Rust Club & Scene i Ørsta, og vi gler oss, samtidig som vi er spente på korleis publikum vil ta imot musikken vår.  Men vi trur, og vi skal gjere vårt aller beste, for at det vert  kjempestemning, og tøff country med "trøkk"! - avsluttar dei to.

Bandet satsar stort på denne plata og, karane lovar å spele alt frå si nye plate "Fyrste Reis", og meir til. Dei har med seg plata for sal på laurdagskvelden og  garanterer nok til alle.


 Dette er musikk for folk i alle aldrar!



Førehandsal av billettar på Ørsta Bowling og Mix Volda Kr.100

Plata vert også å få kjøpt på laurdagen ved Mix i Volda og på Elkjøp