For femten år sidan tok tankane om eit kulturvernlag for Hjørundfjorden form, eit interimstyre kom på plass og dei såg på korleis Storfjordens venar arbeidde med kulturvern i Storfjorden.

Før året var omme var eit styre på plass og namnet Hjørundfjord kulturvernlag gav seg sjølv.

Markering på årsmøtet.

I løpet av desse åra har Kulturvernlaget jobba svært godt og mange kulturminne har vorte tekne vare på, og fleire vil verte tekne vare på sidan det å ha eit aktivt kulturvernlag gir auka forståing og verdsetting av å ta vare på minne frå fortida.

Under årsmøtet 27.mars på Rekkedal Gjestehus vil dette vesle jubiléet vert markert.

”Kultur og natur på Svalbard”.

Årsmøtet vil ta fore seg vanlege årsmøtesaker, men som den faglege delen har styret i Kulturvernlaget vore så heldige å få Gunnar Ellingsen til å holde foredrag om kultur og natur på Svalbard. Mange frå kommunane Ørsta og Volda har vore på Svalbard, så vi synes eit gjensyn med denne vakre og spesielle øya hadde vore fint. For andre vil dette foredraget kanskje gje inspirasjon til å ta turen dit.

Restaureringsprosjekt.

Hovudoppgåva til Kulturvernlaget er å restaurere kulturminne, av restaureringsprosjekt vi har vore involverte i, kan eg nemne; kylne på Mo i Bondalen, kvernhus på Årsneset, Stavbergsetra i Norangsdalen, skogaløde på Urke, kvelvingsbru på Frøland, kvernhus på Heimste Holen, Notanaustet på Bjørke og det største prosjektet vårt, Bakkegarden på Bjørke. Der er vi ikkje ferdige med arbeidet enno.

Vi har nett starta på Ellingsgardsfjøsen i Kvistaddalen, rett ved inngangen til eit av dei mest populære turmåla på Sunnmøre; Skårasalen, Vasstøylen og Kvamsedalen. Elles har vi vorte kontakta om fleire kulturminne som står på skade, men det største problemet i tillegg til det økonomiske, er å skaffe fagfolk.

Stavset Internatskule.

På delar av Hjørundfjordstaranda måtte borna flytte på internatskule frå fyrste klasse av for å gå på skule. Difor vart internatskulen på Stavset bygd i 1915. Den treng no eit større vedlikehald, Hjørundfjord kulturvernlag ilag med grunneigarane har så vidt kome i gang, men fyrst skal eit forprosjekt som syner kva som skal gjerast, kostnadar og kva skulen skal nyttast til, gjennomførast. Målet til Hjørundfjord kulturvernlag er at skulen skal vere restaurert til 100-års jubiléet om fire år.

Kulturvandring-2010-Nes-på-

29.august 2010 var det Hjørundfjord kulturvernlag som hadde ansvaret for kulturvandringa, og turen gjekk til Trandalbygdene. Her på Nes var det ei god innføring i historie og notid, av Sverre Måseidvåg. Som bilde viser var det stort oppmøte på ein fin og ellers svært så vellukka dag.

Kulturvandringar.

Dessutan har vi vore med på å restaurere den gamle postvegen mellom Fivelstadhaugen og Urasetra i Norangsdalen. Hjørundfjord kulturvernlag var også ansvarleg for den fyrste kulturvandringa i Hjørundfjorden, nett langs denne vegen. Det var alt i 1997.

Etter det har det vore kulturvandring kvar august sidan. Desse er svært populære, omlag to til tre hundre menneske tek kvart år del. Desse vandringane har etter kvart vorte eit samarbeid mellom Hjørundfjord sogelag og Hjørundfjord kulturvernlag.

God økonomistyring og medlemsauke

Det har vore lite utskiftingar i styret til Hjørundfjord kulturvernlag desse femten åra, difor sit ein med kontinuitet og stabilitet. Dette gjev god økonomisk styring, noko som syner att i alle prosjekta styret har greidd å gjennomføre. I tillegg sit det same styret med mykje kunnskap om kulturminne i Hjørundfjorden.

I 2010 var det 160 betalande medlemar.

 

Vel møtte til årsmøte på Rekkedal Gjestehus fyrstkomande sundag.

 

Synnøve Rekkedal Hill

-styreleiar Hjørundfjord kulturvernlag-